Medisinstudent med lisens – Nordfjord psykiatrisenter,  Helse Førde

Health and social care Doctor

(3 days ago)

  • NORDFJORDEID
  •  Post Date: 1. December 2024
  •  Expire date: 5. January 2025
Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Medisinstudent med lisens

Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har samla to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 23.06.2025 – 17.08.2025.

Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom andre psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose – og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom andre psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette,det er difor viktig at dette vert oppgjeve tydeleg i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientansvarleg koordinator
  • Pasientbehandling 
  • Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet

Kvalifikasjonar

  • Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Lisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
  • Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team 
  • Personleg eigna vi lbli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • God opplæring
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling 
  • Gratis bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar, 57864342/ 57864330
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57864335/ 57864330

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4888347881
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nordfjord psykiatrisenter,  Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6770)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/de474e87-a52d-4971-9444-809fb1787774
IMPORTAPI