Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Medieteknikar/medieingeniør /avdelingsingeniør/overingeniør

Om stillinga

Er du lidenskapeleg opptatt av teknologi og media? Vil du vere med på å forme framtida for ei av landets leiande medieutdanningar? No søker vi etter 1-2 engasjerte medarbeidarar til vårt tekniske team til inntil to faste 100% stillingar med oppstart 01.03.2025 eller ved nærare avtale. 

Ved Høgskulen i Volda er medieutdanninga i utvikling. Vi er saman med studentane våre stadig på jakt etter nye og innovative måtar å produsere og publisere innhald på. Gjennom kreativ bruk av teknologi og programvare held vi oss i forkant av ein mediebransje som aldri står stille. Infrastruktur-løysingane våre er baserte på eit solid IP-nettverk som støttar moderne og fleksible arbeidsflytar.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har 

  • Relevant teknisk eller ingeniørutdanning, eller tilsvarande erfaring som kompenserer
  • Kompetanse innan IT-system knytt til medieteknologi
  • Kjennskap til profesjonelle produksjons- og publiseringsverktøy innan ulike typar medieproduksjon

Du bør ha 

  • Praktisk erfaring med kringkasting, medieproduksjon eller liknande
  • Erfaring med Windows- og Mac-klientdrift
  • God kjennskap til NDI og Dante teknologi

 

Kven er du?

Du er ein person som:

  • Brenn for teknologi og media, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  •  Har ei sterk serviceinnstilling og kommuniserer godt
  •  Er nysgjerrig og ivrig etter å lære nye ting
  •  Arbeider godt saman med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  •  Er strukturert og organisert, men samstundes open for å utforske nye løysingar

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. 

Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Arbeidsoppgåver

Som del av vårt tekniske team får du moglegheita til:

  • Rettleiing, teknisk opplæring og støtte studentar og tilsette i bruk av medieteknologiske system
  • Vidare utvikling, drift og support av våre tekniske løysingar i samarbeid med teknisk team
  • Å bidra til effektivisering av dagens produksjonsflyt og utvikle nye løysingar
  • Å utforske nye teknologiar og arbeidsmetodar i tett samarbeid med eit dedikert fagmiljø
  • Rettleiing og støtte til studentar i val og bruk av utstyr til medieproduksjon

Som du ser er arbeidsoppgåvene varierte og dei endrast etter behov. Det vil bli gitt opplæring, men det er forventa at du raskt set deg inn i arbeidsfelta.

 

Kva kan vi tilby deg? 

  • Ein arbeidsplass i eit spennande og framtidsretta fagmiljø
  •  Moglegheita til å jobbe med topp moderne utstyr og infrastruktur
  •  Høve til fagleg utvikling og å forme framtidas medieproduksjon
  •  Eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø i vakre omgjevnader i Volda 
  • Gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ: 

1087 Overingeniør kr. 582400 – 700244, 1083 Ingeniør kr. 584500 – 625000, 1136 Driftsteknikar kr. 523500 – 557400. 

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med rådgjevar teknologi Reidulf Botn, tlf. 70 07 50 76/911 41 760, e-post: rb@hivolda.no eller administrasjonssjef Kristine S. Bjørneset tlf. 70 07 51 54, e-post:  kristine.saevik.bjorneset@hivolda.no

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen i Volda orgnr: 874855502
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Webside http://hivolda.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted VOLDA (Adresse: Joplassvegen 11 Postnr: 6103)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/33b4a818-23c8-4f5b-9eac-af5eba8df4fa
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272795