Job Description

Published 20-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Medarbeider til tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus

Vil du bli vår nye kollega i tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus?

Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har til sammen 35 årsverk, og har som oppgåve å levere reinhalds- og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstida vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00-21.30 på kvardagar. Det må også påreknast arbeid kvar 3.helg og på høgtidsdagar i løpet av året.

Dersom det i framtida vert endring i driftsmessige tilhøve, vil arbeidstid endrast i tråd med lov og avtaleverk.

Det er ønskjeleg at det i søknaden vert oppgitt dato for forventa oppstart i stillinga.
Fint om dokumentasjon på ansiennitet ligg ved søknden.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil være:

  • Bistå avdelingar i sjukehuset med bestilling og frakt av tekstilar.
  • Lage rutinar for vedlikehald, og utføre rens av sjukehuset sitt eldre møblement.
  • Handtering av gardiner og forheng.
  • Tildeling av garderobefasilitet til tilsette i sjukehuset.
  • Dagleg kontakt med ekstern leverandør av tekstiltjenester
  • Rydding av garderobefasilitetar.
  • Undervisning av studentar og andre tilsette i avdelinga sine rutiner.
  • Korrigering av eksisterande prosedyrer, og skriving av nye prosedyrer i EK-handboka
  • Utføre bestilling av utstyr som trengs for drifta på avdelinga
  • Må kunne utføre enkle syoppdrag
  • Må kunne utføre forefallande reinhaldsoppdrag av dagleg og periodisk karakter.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du : 

  • Har erfaring frå arbeid innan tekstil og reinhaldsfag. 
  • Har gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege.
  • Har kjennskap til undervisning i auditorie/klasserom.
  • Kan bruke elektroniske verktøy i dagleg arbeid.  Her under kunne utforme og skrive enkle dokument/ rette eksisterande dokument.
  • Må kunne bruke symaskin.
  • Må kunne nytte rensemaskin for møblar.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du er:

  • Nytenkende og har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Punktleg og påliteleg
  • Flink til å skape gode relasjonar, og kan kommunisere godt med andre både leverandører og tilsette. 
  • Innstilt på å arbeide i tverrfagleg team, og har ønskje om fagleg utvikling
  • God på å samarbeide med andre
  • Aktiv bidragande til eit trygt og positivt arbeidsmiljø i avdelinga

Vi tilbyr

  • Opplæring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378

Arbeidsstad

Førde sentralsjukehus
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4884551267
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Reinhald FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted FØRDE (Adresse: Førde sentralsjukehus Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-03-2025
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/babacccd-a6e0-450b-88a5-f9907764377f
IMPORTAPI