Medarbeidar – Unikt teater – Kultur, Klepp kommune

Health and social care LPN (nurse)

(15 hours ago)

  • KLEPP STASJON
  •  Post Date: 22. October 2024
  •  Expire date: 6. November 2024
Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Medarbeidar – Unikt teater

Kommunane Klepp, Time og Hå samarbeider om teatergruppa Unikt teater, som er eit kultur- og fritidstilbud for unge med funksjonsheimming. Nedre aldersgrense er 13 år. Gruppa har i dag ca 20 deltakarar. Unikt teater har vore drive i 10 år og er eit populært tilbod for målgruppa. Teatergruppa har ei årleg førestilling i desember.

Tilsetjingsform:

Medarbeidaren vil bli tilsett som oppdragstaker. Øvingstida for Unikt teater er 3-4 timar annakvar veke i tidsrommet kl 18.00 til 21.00. Øvinga skjer på ettermiddag/kveld og er for tida på Klepp ungdomsskule. Ein må rekna med noko meir øving på kveldstid og i helger i forkant av førestillinga. Driftsåret følgjer hovudsakleg skuleåret.

Teamet består av leiar og totalt to medarbeidarar/oppdragstakarar.

Arbeidsoppgåver

Medarbeidaren skal, i samråd med leiar, bidra til god organisering av øvingane, vera med å skapa eit godt miljø og godt innhald på øvingane Dette inkluderer å følgja opp deltakarane på øvingane, ha kontakt med pårørande og/eller tilsette i bustadar, samt diverse praktiske oppgåver i tilknytting til dette. 

Kvalifikasjonar

Me ønskjer at du har nokon av desse kvalifikasjonane:

Utdanning innan eller erfaring frå dramaturgi eller liknande
Relevant utdanning og/ eller erfaring frå miljøarbeid med målgruppa
Erfaring og ferdigheiter innan musikk, dans, produksjon av kostymer e.l.
Alminneleg god datakunnskap
Førarkort for personbil

Gode norskkunnskaper – skrifteleg og munnleg

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

 

Personlege eigenskapar

Utadvendt og med gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personar i målgruppa og andre involverte
Evne til å rettleia og leggja til rette for den enkelte deltakaren
Fleksibel, ryddig, selvstendig og ansvarsfull
Kreativ og med evne til å finna praktiske løysingar saman med andre
Engasjement og interesse for dramaaktivitet

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø og spanande utfordringar                                                                                                                                    
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar
Tilsetting på kommunale vilkår

 

Kontaktinformasjon

Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4875777081
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Startdato: 18.11.2024
Søknadsfrist: 06.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kultur, Klepp kommune orgnr: 916851278
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

 

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 18-11-2024
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aa4b2370-f83d-4a7c-a642-5951c0101e3b
IMPORTAPI