Medarbeidar – Helse, omsorg og velferd, Habilitering

Health and social care Medical Secretary

(6 days ago)

  • STORDAL
  •  Post Date: 13. September 2024
  •  Expire date: 27. September 2024
Job Description

Published 13-09-2024
Deadline: 27-09-2024

 

Medarbeidar

Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 11 år. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.

Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?

Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.

Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. 

Kvalifikasjonar

  • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
    • gjerne helsefagleg bakgrunn
  • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
  • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
  • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
  • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • God opplæring
  • God pensjonsordningi KLP
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart

Kontaktinformasjon

Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, +47 41867990

Arbeidsstad

Simamarka 28
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd

Referansenr.: 4859699942
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse, omsorg og velferd, Habilitering orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Webside http://www.fjord.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted STORDAL (Adresse: Simamarka 28 Postnr: 6250)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b7e7608-c007-4317-b488-652e57318177
IMPORTAPI