Me treng deg som likar ein aktiv kvardag i leik og aktivitet med barn! – Vindafjord kommune Sandeid barnehage
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 day ago)
Job Description
Published 05-11-2024
Deadline: 15-11-2024
Me treng deg som likar ein aktiv kvardag i leik og aktivitet med barn!
Me søker:
Me søker fagarbeidar eventuelt assistent, i 100% fast stilling frå snarast mogeleg.
Hovudarbeidsoppgåver:
- aktivitet knytt til leik, læring, stell og omsorg for barn i alderen 0 – 6 år
- deltaking i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk aktivitet
- bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med føresette
- bidra til å utvile barn sine sosiale og språklege ferdigheiter
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev
- Erfaring frå barnehage er ønskeleg
Personlege eigenskapar:
- Du er god til å byggja relasjonar og sjå kvart enkelt barn.
- Du er engasjert, tydeleg og ansvarsfull.
- Du er god til å samarbeida med andre.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO