Job Description

Published 01-09-2024
Deadline: 23-09-2024

 

Me søkjer fagrådgjevar for Bu-og avlastingstenesta i Osterøy kommune

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til mennesker med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Vi har ledig ei 100% fast stilling som fagrådgjevar i Bu-og avlastingstenesta. Som fagrådgjevar skal du bidra til ein kunnskapsbasert tenesteyting, riktige prioriteringar og god samhandling i tenestene. Du blir del av leiarteamet i tenesta og rapporterar til einingsleiar.

Vi søkjer etter deg som er fagleg sterk og som vil vere med å bidra til at brukarane våre mottek kvalitativt gode tenester. Du vil bli ein del av ei engasjert, dedikert og inkluderande personalgruppe med mykje erfaring.

Oppstart snarast etter 01.10.24. Intervju er sett til 01.10.24 og 03.10.24

 

Arbeidsoppgåver

 

  • Bidra aktivt og være pådrivar i kvalitet- og internkontrollarbeid, herunder ivareta oppfølging av rutinar og fagprosedyrar for tenesteområdet
  • Ansvar for og oppfølging av definerte fagsatsingar i tråd med forskrifter og nasjonale veiledere for tenesteområdet
  • Ansvar for og oppfølging av reglane som regulerer bruk av tvang og makt i tenestene
  • Bidra i utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar og målsettingar i eininga og organisasjonen
  • Sjå til at legemiddelhandtering blir ivaretatt på ein forsvarleg måte jf. forskrift og retningsliner
  • Fagleg rådgjeving, rettleiing og oppfølging av tenestestader i eininga
  • Overordna ansvar for planlegging og gjennomføring av rettleiing, undervisning og opplæringstiltak i eininga
  • Bidra til eit godt samarbeid på tvers av sektorar i kommunen knytt til fagområdet, og såleis bidra til eit forløpsbasert og heilskapleg arbeid i tenesteytinga
  • Delta i arbeidet med å sikra effektiv bruk av eininga sine ressursar, og såleis bidra med støtte til leiar ved utarbeiding av bemanningsplanar og turnusplanar  
  • Bidra til eit godt samarbeid i eininga og med andre samarbeidspartnarar
  • Delta og være fagleg pådrivar for utviklingsprosjekt i eininga og organisasjonen
  • Vere fagleiar for lærlingar i eininga
  • Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar

Vi tilbyr

  • Ei fagleg spanande stilling
  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Dagstilling med fleksibel arbeidstid
  • Fagleg rettleiing
  • Gode påverknadsmuligheter
  • Personleg løn, jf.HTA.kap 5
  • Gode pensjons og forsikringsvilkår
  • Gratis parkering
  • Eige kontor

Kvalifikasjonskrav

  • 3- årig utdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis vernepleiar. Søkjarar med anna helse- og sosialfagleg bachelor utdanning vil bli vurdert
  • Relevant vidareutanning innafor fagområder som er aktuelle for målgruppa, minimum 1 år 
  • Brei erfaring fra arbeid innafor stillinga sitt arbeidsområde og erfaring frå arbeid med målgruppa er ein føresetnad
  • Erfaring med å gjennomføre undervisning og opplæring
  • Rettleiarkompetanse
  • Erfaring med bruk av elektronisk pasientjournal
  • Evne til å foreta faglege vurderingar, gjennomføring av desse og å utvise godt skjønn
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl.B
  • Søkjarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2- prøve i norsk
  • Gyldig politiattest må fremvises ved tilsetting
  • Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt

Kven er du?

  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du har evne til å tenke og handle strategisk og analystisk
  • Du har grunnleggande respekt for mennesker og eit engasjement for brukargruppa
  • Du er god på å formidle, engasjere, rettleie og samhandle med andre
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å skape trygghet og tillit

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ea84cea1-bc3a-4df2-aaa5-3a14fe224b60
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267256