Me søkjer etter engasjert medarbeidar – Voss herad Barnehage
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(19 hours ago)
Job Description
Published 31-10-2024
Deadline: 25-11-2024
Me søkjer etter engasjert medarbeidar
Det er ledig fast stilling som fagarbeidar i 100 % stilling i Gjernes barnehage frå 20.1.2025
Om arbeidsstaden:
Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage med 32 barn som ligg 2 km frå Voss sentrum. Me er ein barnehage med 8 tilsette. Me er opptekne av å skapa gode dagar for barna og ein kvardag med humor. Me nyttar det fine uteområde og natur i nærleiken som arena for læring og nye erfaringar for barna.
Tidsrom:
- Frå 20.1.2025
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- ein arbeidsplass med mykje humor og glede
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Andre søkjarar kan verte vurdert.
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå barnehage.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:
- Stillinga er knytt til småbarnsavdeling 1-3 år.
- Delta i dagleg arbeid på avdelinga i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelinga. Her vil du få moglegheit til å ha spennande ansvar for pedagogisk innhald opp mot ulike barnegrupper, samt påverke innhaldet i barnehagekvardagen.
- Få ansvar til å følgja opp enkeltbarn.
Personlege eigenskapar:
- Tydleg og engasjert vaksenperson.
- Ein trygg og varm rollemodell.
- Ein god relasjonsskapar til barn, foreldre og tilsette.
- Eit godt humør og byr på seg sjølv.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Sjølvstendig og tek ansvar.
- Beherske norsk.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO