Job Description

Published 26-06-2024
Deadline: 14-07-2024

 

Me søker kokk/kjøkkenmedarbeider på Langevåg Bygdatun

Du inngår i teamet på kjøkkenet på Langevåg Bygdatun. Me leverer catering, drifter kantine for bedrifter og har ein liten kafè.

Hva vi ser etter

  • Me treng deg som kan jobbe systematisk og effektivt, har sans for detaljar og som kan representere Langevåg Bygdatun på best mogleg måte.
  • Det er viktig at du er serviceinnstilt, samarbeidsvillig og ikkje redd for å ta i eit tak.
  • Det er ønskeleg at du har fagbrev som kokk, konditor eller liknande yrkesgrupper, men ikkje eit krav.
  • Har erfaring med å jobbe med mat.
  • Har godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet.

Kjenner du deg igjen? Ikkje nøl med å ta kontakt. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale.

Arbeidsoppgaver

  • Produksjon av mat (varme/kalde retter, snitter, koldtbord, tapas, kaker, desserter) til kafè/catering og i kantine.
  • Kundebehandling.
  • Oppfølging IK-mat.
  • Andre oppgåver som fell seg naturleg inn på kjøkken/kafè/kantine.
  • Må kunne jobbe sjølvstendig men også godt i lag med kolleger.

Vi tilbyr

  • Opplæring
  • Kjekke kolleger
  • Løn etter avtale/tariff
  • Trygg og god arbeidsplass
  • Tilgong til treningssenter 24/7

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Langevåg Bygdatun AS orgnr: 980864448
Kort om arbeidsgiver

Langevåg Bygdatun er hjarta i bygda Langevåg på Bømlo. Me skal vere ein foretrukken møteplass for unge og vaksne fastbuande, hyttefolk og turistar. Me har kafè, idrettshall, kultursal, skytebane, treningssenter og ungdomsklubb. På Bygdatunet finn du også matbutikk, fysioterapeut, helsestasjon, legekontor, tannlege, bank og kontorplassar. Me ligg lokalisert på historisk grunn midt i sentrum av bygda. Våre gode naboar er blant anna Eidesvik AS, Napier AS, skulen, bedehuset og båthamna. Bygda er i positiv utvikling med etablering av nye arbeidsplasser i Bømlo Fiskerihamn med alt dette medfører.

Langevåg Bygdatun AS har ca 9 årsverk og 15 tilsette.

Webside https://www.bygdatunet.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted BØMLO (Adresse: Hovlandsvegen 3 Postnr: 5443)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 26-08-2024
Søknadsfrist 14-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7d02ba7-3dd6-4b4c-b08a-4f70e18a6ccb
Stillingsregistrering