Job Description

Published 16-12-2024
Deadline: 01-01-2025

 

Matvert i Spisestua

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tjenester og -produkt til føretaket. 

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. 

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som fins for fleire avdelingar. Per i dag betjener vi 19 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 – 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.

Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.

Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste  personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekne å arbeide i alle våre spisestover.

Det er no ledig ein 15% stilling, turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumentarast

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: “MAT SOM MEDISIN.”
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Evy Førland Sander, Fagarbeidar, 55974904

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4897486302
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua seksjon 2, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Restaurant
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 20-01-2025
Søknadsfrist 01-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fa1b53ce-2ed2-4dd1-93a6-e3b87ae1d6f8
IMPORTAPI