Job Description

Published 08-07-2024
Deadline: 30-07-2024

 

Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, pt. MF Storfjord

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Leirvåg – Sløvåg, p.t. MF Storfjord.

MF Storfjord vart bygd i 2011, og er i 2019 bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift.

Skiftordning: Døgnskift 3 veker på – 3 veker av. Byttedag mandager. Distansen Leirvåg ferjekai – Bergen sentrum tar bare 1 time og 5 minutter.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise-og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest

    Personlege eigenskapar

    • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
    • Godt humør
    • God kommunikasjonsevne
    • Fleksibel
    • Serviceinnstilt

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
    • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
    • Gode velferdsordningar
    • Skiftordning: Døgnskift 3 veker på og 3 veker av
    • Hybelordning

    Kontaktinformasjon

    Selma Førde, +47 468 65 635, selma.forde@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Mongstadvegen 1325
    5953 Fonnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 4837629297
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 30.07.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: 974737647
    Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

    Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

    Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

    Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

    Webside http://www.fjord1.no
    Bransje Transport og lager
    Yrke Sjøfart
    Sted FONNES (Adresse: Mongstadvegen 1325 Postnr: 5953)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Privat
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 30-07-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c92043cb-5015-472f-8605-7320dca49b70
    IMPORTAPI