Maskinist på opplæringsfartøyet “Skulebas” – MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE
Transport og lager Sjøfart(2 weeks ago)
Job Description
Published 30-03-2025
Deadline: 22-04-2025
Maskinist på opplæringsfartøyet “Skulebas”
Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr utdanningsprogramma Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF. Skulen fekk levert vårt nye opplæringsfartøyet Skulebas ved starten av skuleåret 2023–2024.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene om bord i fartøyet omfattar drift og vedlikehald av maskineri, fiskeriutstyr og tekniske system. Dette inkluderer overvaking av maskinene, reparasjonar ved behov, vedlikehald av utstyr og samarbeid med andre i mannskapet for å sikre effektiv og sikker drift av fartøyet.
Dette er ei fast stilling med oppstart 1.8.2025. Det må påreknast om lag 70 reisedagar i året på ulike tokt langs kysten og om lag 30 døgn om bord ved kai frå måndag til fredag. Maskinsjef avspaserer når skulen har ferie og må pårekne vaktteneste.
Det er ønskeleg med erfaring frå fiske med line, garn, snurrevad og trål. Dersom søkar ikkje har erfaring frå alle fiskeria, vil opplæring bli gitt.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein maskinist som har:
- god fagleg kompetanse, set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaar for ungdomane våre.
- god kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
- god kjennskap til sikkerheitsstyringssystem og vedlikehaldssystem.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
- minimum kompetansesertifikat maskinoffiser klasse 3.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
Vi ser etter ein personen som:
- er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
- har eit sterkt elevengasjement og er oppteken av eleven sitt beste
- ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- er kreativ, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver og løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Ellen Jåvold, rektor, +47 40031715, ellen.javold@vlfk.no
Tor Åge Gravdal, avdelingsleiar, +47 97511510, tor.age.gravdal@vlfk.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4940248923
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | maloy.vgs.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Sjøfart |
Sted | DEKNEPOLLEN (Adresse: Postnr: 6718) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 22-04-2025 |