Mannskap til hurtigbåtar i Bergen – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS

Carpenters Mekaniker

(3 måneder ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 3. September 2024
  •  Expire date: 1. December 2024
Job Description

Published 03-09-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Mannskap til hurtigbåtar i Bergen

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåtnæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet. Vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenlege ferger- og hurtigbåttransport i marknaden!

No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombyggingar og eit nybygg. Frå januar 2025 skal desse fartøya trafikkere Askøyruta og Nordhordlandsruta, frå Strandkaien i Bergen sentrum. Fjord1 søkjer derfor etter skipsførar, overstyrmann, matros og maskinsjef som ønskjer å bli ein del av, og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa.

Skiftordning:
2 veker på og 2 veker av med fri i helgene

Selskapet kan tilby overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden (Hybel på Kleppestø og i Knarvik).

Relevante kandidatar vert kontakta fortløpande. Oppstart desember 2024/januar 2025.

Arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar

Skipsførar og overstyrmann
Har overordna ansvar for fartøy, besetning og passasjerer.

  • Kvalifikasjonar
    Minimum D4
    GMDSS/ROC-sertifikat
    Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
    Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
    Krise- og passasjerhandtering
    Gyldig helseerklæring

Matros
Har ansvar for salong, billettar, kiosk, fortøying, reinhald, vedlikehald og kontakt med passasjerar.

  • Kvalifikasjonar
    Brovaktssertifikat
    Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
    Gyldig helseerklæring

 

Maskinsjef
Har ansvar for teknisk utsyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehald.

  • Kvalifikasjonar
    Minimum M3 opptil 3000 kW
    Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
    Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
    Krise- og passasjerhandtering
    Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund, Norsk Sjømannsforbund eller Norsk Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av, fri i helger
  • Hybelordning i arbeidsperioden

Kontaktinformasjon

Selma Førde, Bemanningskoordinator, +47 468 65 635, selma.forde@fjord1.no
Kim André Arnesen, Operativ leiar, +47 957 98 552, kim.arnesen@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandkaien 15
5013 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4855512719
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Håndverkere
Yrke Mekaniker
Sted BERGEN (Adresse: Strandkaien 15 Postnr: 5013)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3c5ac30a-130d-4f5b-b058-def43ca644be
IMPORTAPI