Lungesjukepleiar – Medisinsk poliklinikk FSS, Helse Førde

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(24 hours ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Lungesjukepleiar

Medisinsk poliklinikk har ledig fast 100% stilling som diabetessjukepleiar med tilsetjing frå snarast.

Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå Medisinsk avdeling, men også frå Kirurgisk avdeling, Barneavdeling og andre.

I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinatorfunksjon for tuberkulosepasientar
  • Koordinatorfunksjon for oksygenpasientar
  • Oppfølging av oksygenkontakter i kommunene
  • Arrangere nettverksmøte for oksygenkontakter
  • Arrangere kolsrehabiliteringskurs
  • Delta i oppbygging av kolsrehabiliteringskurs i kommunene
  • Lungefunksjonstesting
  • Assistere ved bronkoskopi
  • Ha pasientkonsultasjonar
  • Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
  • Koordinere fag- og systemarbeid på lungefeltet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med lungesjukepleie er eit krav
  • Vidareutdanning innan lungesjukepleie er ein fordel og vil verte vektlagt
  • Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ha særskilt interesse for oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom
  • Trivst med rettleiing og undervisning individuelt og i grupper
  • Er eigna til å drive og administrerere fagleg aktivitet
  • Evnar å halde deg fagleg oppdatert
  • Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Line-Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, 578 39 412

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4897304088
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk poliklinikk FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2e3d3fba-c7ee-4515-8a53-8a85b61e175b
IMPORTAPI