Lønskonsulent – Suldal kommune Kommunekassen

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(3 weeks ago)

  • SAND
  •  Post Date: 28. November 2024
  •  Expire date: 29. December 2024
Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 29-12-2024

 

Lønskonsulent

Me søkjer deg som ynskjer å jobbe med løn

Lønskonsulent 70 %
Ein av våre lønskonsulentar skal ut i permisjon, og me har ledig vikariat frå januar  til desember 2025. Stillingsstorleiken kan diskuterast men er i utgangspunktet på 70 %. Som lønskonsulent deltar du i lønsarbeidet slik at våre dyktige medarbeidarar får rett løn til rett tid.

Om kommunekassen

Du blir ein del av ein kompetent rekneskaps- og lønsavdeling med sju tilsette, der to arbeider særleg med løn. Me har gode og moderne løysingar som forenklar og effektiviserer lønsarbeidet, og arbeider for å utvikla desse vidare. Utover rekneskap og løn for Suldal kommune, fører me også for fleire interkommunale selskap og kommunale AS.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?

Dersom du er ansvarsfull, nøyaktig og strukturert, og strekk deg for å levere på tid og kvalitet, så vil du både trivast og lukkast hos oss. Dersom du i tillegg har eit blikk for utvikling og likar å jobbe saman med kompetente kollegaer så vil du stortrivast.

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Faglege utfordringar og kompetente kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
  • Stillinga blir plassert under stillingskode konsulent eller spesialkonsulent, med løn etter tariff.
  • Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei.

Kva gjer ein lønskonsulent i Suldal kommune?

  • Rutinemessig kontroll- og kvalitetssikring innan lønsområdet
  • Bidra i periode- og årsavslutning
  • Lønsarbeid frå A – Å: Lønskøyring og rapportering, import og kontroll, utbetale, etterbetale og rette opp løn og persondata
  • Delta i implementering av nye prosessar- og rutinar innan lønsområde
  • Andre oppgåver i tråd med einingas behov.

Kven søkjer me?

  • Me søkjer deg som har pågangsmot og leverer på tid og kvalitet. Du har gode samarbeidsevner og god kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det er også nokre formelle krav du bør oppfylle:
  • Du har relevant høgare utdanning, i somme tilfelle kan relevant praksis vege opp for manglande formalkompetanse
  • Du har gjerne erfaring frå løns-/økonomi- funksjon (løn/personal, rekneskap/revisjon eller tilsvarande)
  • Du har god kjennskap til avtaleverk, lovar og reglar innan området
  • Du har god IT- og systemkompetanse. Gjerne med erfaring frå lønsarbeid og Visma Enterprise.
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Kommunekassen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SAND (Adresse: Eidsvegen 7 Postnr: 4230)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/88ff6836-acdf-4e0e-b1a4-cc4f7a363fe8
IMPORTAPI