Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Lønskonsulent 80% fast stilling

Sykkylven kommune er ein dynamisk og framtidsretta kommune, og vi søker no ein lønskonsulent som vil vere med på å forme morgondagens arbeidsplass.
Er du ein person som brenn for lønsadministrasjon, digitalisering og prosessforbetring? Har du eit ønske om å jobbe i ei kommune som er i kontinuerleg utvikling? Då kan dette vere mogelegheita for deg!

Som lønskonsulent i Sykkylven kommune vil du spele ei viktig rolle i å utvikle og sikre lønsprosessar i framtida – både med tanke på effektivitet, kvalitet og bærekraft.
Vi ønsker oss ein digitalt orientert, nysgjerrig og løysingsfokusert person som kan bidra til eit moderne og brukarvenleg lønssystem.

Kva kan du forvente deg hos oss?

Framtidsretta arbeidsmetodar: Vi jobbar kontinuerleg for å forbetre våre arbeidsprosessar – mellom anna fra automatisering til smarte system, og du vil vere ein viktig del av den utviklinga.

Utvikling av kompetanse: Vi satsar på fagleg utvikling og gir deg mogelegheita til å styrke din kompetanse.

Eit inkluderande arbeidsmiljø: Du vil vere ein del av eit team som er framoverlent, samansveisa og har ein felles visjon om å skape ein effektiv og god arbeidskvardag.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver:

  • Lønsbehandling for alle tilsette i kommunen, med fokus på effektivitet og nøyaktigheit
  • Bidra til å implementere og vidareutvikle digitale løysingar som forenklar og automatiserer lønsprosessar
  • Rådgivning og støtte til leiarar og tilsette i spørsmål om løn, personaladministrasjon mv
  • Bidra til rapportering og analyser relatert til lønn – og personaldata
  • Aktiv deltaking i utviklinga av nye rutiner og system som støtter ein framtidsretta personalforvaltning

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kven er du?

  • Du har relevant utdanning og erfaring innan økonomi, administrasjon eller HR, og har gjerne erfaring med lønsbehandling
  • Du er opptatt av digitalisering og ser potensialet i å bruke teknologi for å forenkle og forbetre arbeidsprosessar
  • Du er analytisk, strukturert og har eit auge for detaljar, samtidig som du ser heilskapen i prosessane
  • Du er nysgjerrig, initiativrik og har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringar
  • Du har god kommunikasjonsevne og samarbeidsevne, og trivast med å bistå både kollegaer og leiarar med rådgivning og støtte

Vi tilbyr deg:

  • Ein spennande og utviklande jobb i ei kommune som ser framover og satsar på framtidsretta løysingar
  • Gode mogelegheiter for kompetanseutvikling og fagleg påfyll
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø der du får jobbe med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar
     
    Er du klar for å ta eit steg inn i ei framtidsretta kommune og vere med på å forme morgondagens lønsprosessar? Då ønsker vi å høyre frå deg!
     
    Velkommen til Sykkylven kommune – ein stad med store mogelegheiter!

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Cathrine Hovdenakk, Personalsjef, +47 92407218, cathrine.hovdenakk@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4899115606
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stab, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Kyrkjevegen 62 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e9a4840c-7615-40f7-b23d-38a140aa155f
IMPORTAPI