Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Lønsansvarleg 100% fast stilling

Sykkylven kommune er i utvikling, og vi er på jakt etter ein dyktig og engasjert lønsansvarleg som kan vere med å gjere ein forskjell for våre tilsette.
Vi søker deg som har eit skarpt blikk for detaljar, er nøyaktig, og som trivast med varierte arbeidsoppgåver i eit hektisk, men hyggeleg arbeidsmiljø.

Er du ein person som brenn for lønsadministrasjon, digitalisering og prosessforbetring?
Som lønsansvarleg hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at våre tilsette får riktig lønn til rett tid, samtidig som du bidreg til utviklinga av kommunen sine HR – og lønssystem.

Kva kan du forvente deg hos oss?

  • Ansvar og friheit: Du får fullt ansvar for lønsbehandling, men også mogelegheita til å utvikle og forbetre prosessar.
  • Varierte oppgåver: Frå berekning av løn til rådgjeving om skattetrekk og personalrelaterte spørsmål – ingen dagar er like.
  • Eit fantastisk arbeidsmiljø: Du blir ein del av eit positivt og dedikert team som jobbar saman for å gi dei tilsette den beste servicen.
  • Personleg utvikling: Vi er opptatt av at du skal utvikle deg fagleg og få utfordringar som gir deg vekst.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Handtere spørsmål og utfordringar relatert til løn, skattetrekk, overtid og fråver
  • Bidra til vidareutvikling av rutiner og system knyttet til løn og personalforvaltning
  • Ansvar for lønsutrekning og utbetalinger i henhald til lover, avtalar og interne retningsliner
  • Behandle og kontrollere lønsdata, inkludert fråver, overtid og permisjonar
  • Rapportering og oppfølging av personalstatistikk og lønsrelaterte rapportar
  • Bidra til implementering og utvikling av løns- og personalrelaterte system, her under digitalisering og bruke teknologi for å forenkle og forbetre arbeidsprosessar

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kven er du?

  • Du har relevant utdanning og erfaring innen økonomi, administrasjon eller HR
  • Du har gjerne erfaring med lønnsbehandling, spesielt frå offentleg sektor
  • Du har god kjennskap til gjeldande lover og avtaler som påverker løns- og arbeidsforhold
  • Du har gjerne erfaring med digitalisering av lønsprosessar
  • Du er systematisk, nøyaktig, og set pris på orden i ditt arbeid
  • Du trivast med å jobbe sjølvstendig, men har også ei god lagånd og samarbeidar godt med andre

  • Kva kan vi tilby deg?
  • Ein spennande og variert arbeidsdag med mogelegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar samt konkurransedyktige betingelsar
  • Fleksibilitet i arbeidstida
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Mogelegheiter for fagleg påfyll
     
    Er du klar for å ta ansvar for lønsadministrasjonen i Sykkylven kommune og gjere ein forskjell for våre tilsette? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
 

Kontaktinformasjon

Cathrine Hovdenakk, Personalsjef, +47 924072018, cathrine.hovdenakk@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4899104370
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver HR og Lønn, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Kyrkjevegen 62 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/feb9b655-dbff-4382-903e-68a38decf80f
IMPORTAPI