Lønnsmedarbeidar – Øystre Slidre kommune
Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-12-2024
Deadline: 02-01-2025
Lønnsmedarbeidar
Vår lønnsmedarbeidar skal gå av med pensjon, og Øystre Slidre kommune har difor ledig 100% fast stilling som lønnsmedarbeidar. Kommunen har for tida om lag 310 årsverk, og utbetalar lønn til omlag 560 personar kvar månad. Stillinga er i stabsavdelinga, som har 7 årsverk og ansvar for m.a. resepsjon/sentralbord, informasjon, lønn, HR/personal, postmottak, arkiv, politisk sekretariat og val.
Avdelinga har kontorstad på kommunehuset Tingvang, og har ein støttefunksjon for heile kommunen. Som lønnsmedarbeidar vil du ha mykje kontakt med både leiarar og tilsette. Vi søkjer deg som er strukturert, har relevant bakgrunn, og ynskjer å vere med å vidareutvikle avdelinga. Arbeidet er styrt av tidsfristar, men du vil likevel oppleve stor grad av sjølvstende i arbeidskvardagen.
Vi er i prosess med å anskaffe nytt ERP-system (lønn, rekneskap, HR), og lønnsmedarbeidaren vil få ei sentral rolle i innføringa av det nye systemet. Det blir for tida vurdert eit tettare samarbeid innan lønnsområdet mellom kommunane i Valdres.
Arbeidsoppgåver
- Lønnsutbetaling kvar månad
- Innhenting av manuelle og elektroniske lønnsbilag
- Refusjonskrav sjukepengar
- Systemadministrasjon
- Ajourhald lønnssystem
- Rapporteringar
- Avstemming, årsavslutning
- Leiarstøtte og -opplæring innan lønnsområdet
Kvalifikasjonar
- Du må vere ein rask og effektiv brukar av digitale fagsystem
- Du må ha økonomibakgrunn, gjerne relevant utdanning frå høgskule/universitet, men alle søkjarar med relevant erfaring vil bli vurdert
- Erfaring frå regnskaps-/lønnsarbeid, gjerne frå kommunal/offentleg sektor, er ynskjeleg
- Kjennskap til gjeldande lov- og avtaleverk for lønns-, regnskaps- og HR-området er ein fordel
- Du må snakke og skrive godt norsk og gjerne ha gode engelskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert, nøyaktig, sjølvstendig og er opptatt av kvalitet
- Du er pliktoppfyllande og lojal
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du har høg serviceinnstilling
- Du er fleksibel og har evne til å tileigne deg kunnskap om nye fagområde
- Du ynskjer å utvikle deg og avdelinga
- Du har evne til å effektivisere og sjå nye måtar å løyse oppgåvene på
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø, med dyktige tilsette og rom for fagleg vekst og utvikling
- Hyggelege og positive kolleger som gleder seg til å få deg med på laget
- Fleksitidsordning og gode arbeidsvilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
- Nærleik til flotte naturområde, som Beitostølen og Jotunheimen
- Gode moglegheiter for jakt og fiske i heile kommunen
- Rikt organisasjonsliv
Kontaktinformasjon
Sigrid Marie Listerud, Personalmedarbeider, +47 90617586
Tor Arthur Hagen, Stabsleiar, +47 91165723
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 4893199322
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øystre Slidre kommune orgnr: 979149948 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no. |
Webside | http://www.oystre-slidre.kommune.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Økonomi, statistikk og regnskap |
Sted | HEGGENES (Adresse: Bygdinvegen 1989 Postnr: 2940) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-01-2025 |