Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Lønn- og administrasjonskonsulent

Gloppen kommune søkjer ein dyktig og engasjert konsulent til vår økonomiavdeling. Som tilsett i økonomiavdelinga får du bli del av ei avdeling med eit variert ansvarsområde (lønn, rekneskap, budsjett- og økonomistyring, fakturering, innfordring og innkjøp).

Stillinga blir utlyst som ein konsekvens av ei intern rekruttering. Du vil difor ta over oppgåvene til ein tilsett som skal over i ei ny rolle innanfor rekneskap/innfordring på avdelinga. I tillegg er det kome til ei ny oppgåve knytt til bemanningsplanlegging og utarbeiding av turnusar innanfor sektoren helse og velferd. Denne kjenner vi ikkje heilt omfanget av. I den første tida vil arbeidsdagen difor i størst grad vere prega av lønnsrelaterte oppgåver.

Som lønn- og administrasjonskonsulent får du anledning til å både jobbe sjølvstendig med enkelte arbeidsoppgåver, samt i stor grad ha kontakt og yte støtte til leiarar og andre ute i einingane.

Vi ser etter deg som er nysgjerrig på/har store interesse for lønnsfaget. Har du ikkje relevant erfaring/utdanning har vi tru på at nødvendig kompetanse kan tilførast dersom du har rett innstilling og god arbeidsmoral. 

Arbeidsoppgåver

  • Lønnsarbeid frå A-Å:
    • Lønnskøyring
    • Arbeid med utlegg og reiserekningar
    • Fråvær og sjukmeldingar, refusjonar, inntektsmeldingar
    • Kvalitetssikring, avstemming og kontrollar
    • Rapportering
  • Yte rådgjeving og leiarstøtte:
    • Besvare lønnsrelaterte spørsmål
    • Bistå med analysar og rapportering
    • Bistå med utrekningar og kvalitetssikring i forbindelse med budsjettarbeid
  • Bistå med bemanningsplanlegging og utarbeiding av turnusar innanfor sektoren helse og velferd
  • Bistå med øvrige oppgåver ved behov
  • Bistå i arbeid med kontinuerleg forbetring og vedlikehald av rutinar og system

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet kan vere ein fordel
    • Erfaring med lønn/turnusarbeid kan vere ein fordel, og særleg innanfor offentleg sektor
    • God digital kompetanse og generell systemforståing
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

    Personlege eigenskapar

    For oss betyr dine personlege eigenskapar mykje når vi vurderar aktuelle kandidatar til denne stillinga.

    Kjenner du at du blir nysgjerrig/interessert i oppgåvene nemnt ovanfor?
    Har du fleire av disse personlege eigenskapane?

    • Strukturert, systematisk og nøyaktig
    • Analytisk og problemløysande
    • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
    • Evne til å arbeide sjølvstendig
    • Serviceinnstilt og positiv haldning

    Dersom svaret på spørsmåla ovanfor er “Ja” vil vi oppfordre deg til å søkje. 

    Vi tilbyr

    • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver, og kjekke kollegaer
    • Fleksibel arbeidstid
    • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Moritsgård Refvik, Økonomisjef, +47 918 39 375

    Arbeidsstad

     Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 4864484797
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 20.10.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Økonomiavdelinga, Gloppen kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Webside http://www.gloppen.kommune.no/
    Bransje Kontor og økonomi
    Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
    Sted SANDANE (Adresse: Postnr: 6823)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 20-10-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f4d95f40-badf-4e17-af0d-eadb136c99ac
    IMPORTAPI