Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Logistikkmedarbeider

Vil du vere med på å sikre god pasientbehandling? Bli vår nye logistikkmedarbeidar!

Seksjon for forsyning og interntransport i Volda og Ålesund er ein del av Avdeling for logistikk og forsyning. Vi har ansvar for drift av lager, aktiv forsyning, interntransport, sengesentral og tekstilarbeid. Med tilsette både i Volda og Ålesund jobbar vi tett saman for å møte behova til sjukehuset. Vårt hovudfokus er å tilby støttetenester som legg til rette for trygg og effektiv pasientbehandling med høg kvalitet. Har du erfaring innan logistikk, og ser etter ein variert og meiningsfull kvardag? Då kan dette vere den perfekte jobben for deg!

Om stillinga
Vi har no ledig eit vikariat som logistikkmedarbeidar ved Ålesund sjukehus. Stillingen er på fulltid (100 %) i ein periode på opptil 6 månader. Her får du ein sentral rolle i å sikre at avdelingane våre har alt dei treng, slik at pasientbehandlinga går knirkefritt.
Vi ser gjerne at du kan starte så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Varebestilling, varemottak og utlevering til avdelingar
  • Plassering og organisering av varer på avdelingslager
  • Bistå avdelingar med spørsmål knytt til varebestilling og logistikk
  • Sikre ryddige og oversiktlege varelager
  • Andre arbeidsoppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med lagerarbeid, logistikk eller liknande oppgåver innan helsesektoren
  • Fagbrev innan logistikk er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
  • Gode datakunnskapar, med fordel kjennskap til SAP som lagerstyringssystem
  • God fysisk helse og form
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet
  • Du er strukturert, har god ordenssans og tek ansvar for å sikre kvalitet i arbeidet
  • Du er løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
  • Du har eit sterkt ønske om å yte god service og bidra til ei trygg pasientbehandling
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit tett samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagfelt
  • Ein inkluderande og støttande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår

 

Interessert? Last opp vitnemål, attestar og tenestebevis som vedlegg til søknaden/CV.
Velkomen som søkjar – kanskje er du den vi ser etter til vårt team!

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4867314594
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/22df49e2-7aec-42e5-97cf-ed5e8ec66d10
IMPORTAPI