LIS1 vikarar sommaren 2025 – Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde

Health and social care Doctor

(1 month ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 1. December 2024
  •  Expire date: 13. January 2025
Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

LIS1 vikarar sommaren 2025

Medisinsk avdeling ved FSS har sengepostar med 37 sengar, 6 sengar i observasjonspost, poliklinikk, intensiv-og overvakingssengar, dialysepost og akuttmottak. Seksjonen har godkjenning som utdanningsinstitusjon innan gastroenterologi, kardiologi, nefrologi og lungesjukdomar og er bemanna med 14 overlegar, 10 LIS 2 i vakt, 6 erfarne LIS 2/3 i AMM-vakt (akutt-og mottaksmedisin) og 8 LIS1. 

Vi har behov for supplering med LIS1 vikarar i ferieperioden 23.06.2025 – 24.08.2025. Skriv konkret kva periode det er ønskjeleg å jobbe.
Studentar med lisens kan søkje, i tillegg til medisinske kandidatar som er klare for LIS1-teneste.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Arbeidsoppgåver

  • LIS1 vikaren har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar til planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten og til mottak av pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp

Kvalifikasjonar

  • Vere legestudent med lisens eller utdanna lege klar for LIS1-teneste
  • Må ha hatt praksis i norske sjukehus og ha erfaring med journalsystemet DIPS
  • Søkjarar som har hatt student- eller legepraksis i Helse Førde, medisinsk avdeling, vert føretrekte
  • Det er ein fordel med kjennskap til elektronisk kurve, MEONA

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Meistre norsk språk godt både munnleg og skriftleg
  • Tole tidvis høgt tempo

Vi tilbyr

  • Utviklande og godt arbeidsmiljø
  • Tett oppfølging med LIS2 tilstades kontinuerleg
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, 578 39 317

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4891258416
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4c519ce0-9ce2-491b-a001-20f85d44c0c6
IMPORTAPI