LIS 2/3-lege indremedisin – Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Doctor

(4 days ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 17. November 2024
  •  Expire date: 2. December 2024
Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 02-12-2024

 

LIS 2/3-lege indremedisin

Vil du bli med på laget? 

I Volda har vi ledig ei fast stilling som lege i spesialisering (LIS2/3) innan indremedisin.

I klinikk Volda har vi ein seksjon for medisinske legar. I seksjonen har vi 12 stillingar for overlegar, 10 stillingar for LIS 2/3 og 9 for LIS 1. Seksjonen vår er ein indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Vi er eit fagleg interessant og triveleg kollegium av overlegar og legar i spesialisering.

I Volda er vi opptekne av at du som tilsett blir sett og ivareteken fagleg og sosialt i utdanningsløpet som LIS. Dette for at du skal få eit best mogleg utdanningsløp, men også for at du skal ynskje å kome tilbake som spesialist ved Volda sjukehus.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.   

Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen si daglege drift, inkludert visitt, poliklinikk og vaktarbeid på felles indremedisinsk avdeling og intensivavdeling
  • Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak 
  • Gjennomføre diagnostiske og terapeutiske prosedyrar med rettleiing 
  • Delta i tverrfaglege teammøter og bidra til god pasientbehandling
  • Følge opp pasientar i samarbeid med spesialistar og anna helsepersonell
  • Delta i undervisning og rettleiing av medisinstudentar og andre kollegar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1-teneste 
  • Erfaring frå og interesse for indremedisin og ynskje om å spesialisera seg innan feltet
  • Gode norsk- eller skandinaviske språkkunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å sikre kvalitativ pasientbehandling 
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har ei genuin interesse for indremedisin og ynskje om kontinuerleg fagutvikling 
  • Du opptrer påliteleg og tek avgjerder under press, men med fagleg støtte i bakhand 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
  • Tilrettlagt for fagleg utvikling og spesialisering innan fleire indremedisinske fagområde
  • Rettleiing og oppfølging av erfarne spesialistar som vil at du skal lukkast
  • Stor grad av tilpasning av arbeidssituasjonen ut frå dine behov
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, Miriam.Wiksnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4882693162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/80d691d7-0bd7-4ccb-a23f-47142da8a4a1
IMPORTAPI