Liker du å arbeida med vannkraftverk og tekniske løysningar? – Sunnhordland Kraftlag AS
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(3 days ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Liker du å arbeida med vannkraftverk og tekniske løysningar?
Vasskrafta.
Å sjå den mektige krafta i vatnet verta omgjord til elektrisk kraft. Store krefter i sving som medfører krevjande tekniske utfordringar som me likar å arbeida med. Når dette arbeidet er med å sikra berekraftig produksjon av straum, som legg grunnlaget for det moderne samfunn, så tykkjer me det er ein flott totalpakke.
Vil du vera med som fagansvarleg for det mekaniske i dette arbeidet?
Som fagansvarleg mekanisk i Sunnhordland Kraftlag vil du stå i front for å halda hjartet i våre vasskraftanlegg i topp stand. Sikra høgast mogleg oppetid og utnytta driftsstansar best mogleg til optimalisert vedlikehald. I tillegg har me nå nyleg fått godkjenning frå NVE på utbygging av eit nytt stort kraftverk på 220MVA. I både utvikling og vedlikehald vil du vera ein nøkkelperson i å finna praktiske og gode løysningar i samarbeid med andre fagansvarlege, leverandørar og samarbeidspartnarar. Stillinga er plassert i avdeling Teknisk Drift og Vedlikehald og rapporterer til teknisk sjef/driftsleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Fagansvarleg mekanisk, leia og koordinera mekanisk arbeid i våre kraftverk.
- Legge føringar for mekaniske val knytt til nybygg og oppgraderingar.
- Utarbeida og oppdatera vedlikehaldsplanar og dokumentasjon for drift og vedlikehald
- Sikra at tekniske krav og standardar blir følgde og oppdaterte.
- Samarbeida tett med internt fagmiljø, leverandørar og eksterne aktørar for å sikra optimal drift og vedlikehald.
Din kompetanse:
- Bachelor- eller mastergrad innan maskinteknikk eller anna relevant teknisk fag. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning.
- Erfaring frå vasskraftbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav.
- God kjennskap til vedlikehaldsplanlegging og teknisk dokumentasjon.
- Norsk språk, skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Dine personlege eigenskapar:
- Lærevillig og ønske om å læra mest mogleg om kraftverk
- Analytisk med evne til å sjå livstidskost
- Strukturert og sjølvstendig i arbeidsstilen, med gode kommunikasjonsevner
- Samarbeidsorientert og likar å jobba på tvers av fagområde og team
Me tilbyr:
- Du får arbeida i ein av dei mest viktige bransjane samfunnet har.
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for delvis heimekontorordning.
- Firmabil og gode løns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring.
For den som får jobben, blir det gjort bakgrunnssjekk i tråd med kraftberedskapsforskrifta.
Arbeidsstad: Matre i Kvinnherad men delvis bruk av kontor i Etne eller på Stord kan vurderast.
Søknadsfrist: 15.1.2025
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgivar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888. Du kan òg kontakta teknisk sjef/driftsleiar Eirik Ulvenes på 975 56 134, eller avdelingsleiar for teknisk drift og vedlikehald, Tore Storhaug på 909 39 434.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sunnhordland Kraftlag AS orgnr: 973165747 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vind- og vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 875 MW. Desse produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. |
Webside | www.skl.as |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | MATRE (Adresse: Matersvegen 76 Postnr: 5498) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |