Job Description

Published 26-09-2024
Deadline: Unknown

 

Likar du å jobbe med barn og vil legge til rette for mestring? Gut på 8 år søker etter deg!

Eg er ein gut som bur på Stord saman med familien min. Eg likar å vere i aktivitet, å gå på tur, sykle, køyre båt og fiske. Eg er veldig kreativ, og elskar å lage forskjellige ting og eg likar å bake. Eg spelar ulike spel på telefon og nitendo, og har lyst å lære meg å programmera. På fritida mi går eg fortida på symjing og bordtennis. Eg er 8 år, og går i 3.klasse. Eg er som 8 åringar flest, men eg har nokre utfordringar som gjer at eg treng ekstra bistand i kvardagen. Eg har Cerebral Parese og epilepsi, som gjer at eg blant anna har redusert funksjon i høgre sida av kroppen min. I tillegg har eg diabetes type 1. Eg har nokon hjelpemiddel eg nyttar i kvardagen og i aktivitet over lengre avstandar, blant anna sykkel, manuell og elektrisk rullestol.

Då den høgre handa mi har ganske dårleg motorikk, treng eg hjelp til ein del daglege gjeremål. Eg treng og hjelp til å ha kontroll på diabetesen min, samt bytte av medisinsk utstyr. Du må kunne fylgje meg på fritidsaktivitetar, vennebesøk, bursdagar, sykkelturar, og elles bidra med det eg ynskjer å gjere. Eg treng og hjelp til enkel husarbeid og matlaging, samt at du kan motivere meg til å klare ting sjølv.

Som assistent er det viktig at du likar å jobbe med barn, og at du har ein positiv innstilling. Du kan gjerne ta initiativ til å finne på kjekke ting, samtidig som du er forståelses full overfor meg og mine behov. Det er viktig at du har god kjemi med meg og familien min, då vi skal være saman fleire dagar i veka. Det kan også være behov for at du kan være med meg på reise eller rehabiliteringsopphold. Du vil få full opplæring av mamma og pappa.

Stillingstørrelse og arbeidstid:

Eg har no ledig 14 timar per veke i mitt vedtak. Med kanskje mogelegheit for meir på sikt. I tillegg har eg dekning for 6 fulle planleggingsdagar med assistanse i løpet av skuleåret. Eg ser etter 1-2 assistentar til mitt team.

Arbeidstida er i hovudsak på ettermiddager tysdag og torsdag, anna kvar laurdag/sundag dagtid og annakvar onsdag/måndag ettermiddag. Men i skuleferiar og planleggingsdagar kan det være vakter på dagtid.

Er du student, eller har eit friår, eller ynskjer ein deltidsjobb – kanskje denne stillinga passar for deg. Spesifiser gjerne i søknaden din kor mykje du ynskjer å jobbe.

Vi intervjuer aktuelle kandidatar fortlaupande og ansett så raskt vi har funne rett kandidat.

Oppstart for stillinga veke 42/43.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere med meg på sosiale aktivitetar, for eksempel bursdagsselskap eller vennebesøk
  • Tilrettelegging i leik og ved fritidsaktivitetar
  • Enkelt husarbeid
  • Involvere meg i aktivitetar og gjeremål
  • Motivere meg til å klare ting sjølv
  • Matlaging
  • Handtering av diabetes/epilepsi med tilhøyrande medisinsk utstyr
  • Personleg stell

Kvalifikasjonar:

  • Personleg kjemi er det aller viktigaste
  • Lærevillig
  • Førerkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Glad i barn
  • Positiv og flink til å aktivisere
  • Ynskjer å læra meg å kjenne, og flink til å lese mine behov
  • Tilpassingsdyktig og forståelsesfull


Ved spørsmål angående stillingen, kontakt rekrutterer Nora Narum på epost: nora.narum@mio.no


Vi tilbyr: 

  • Lønn etter tariff: Timelønn 218,-, kveldstillegg på 60,- og helgetillegg på 57,-
  • Fordelsportal med rabattavtaler på blant annet hotell, hvitevarer, nettbutikker etc.
  • En meningsfylt jobb
  • Teoretisk og praktisk opplæring, i tillegg til relevante kurs
  • Tett oppfølging med BPA-koordinator
  • Erfaring fra helse- og omsorgssektoren

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Mio BPA orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Mio BPA er en av Norges største BPA-leverandører. Vi har lang og bred erfaring, og leverer tjenester i over 120 norske kommuner. Vi har som mål å levere Norges beste BPA-tjenester, og tilbyr skreddersydde BPA-løsninger i henhold til den enkeltes behov. Det er viktig for oss å kunne gi våre kunder den aller beste tjenesten og at vi er den beste arbeidsplassen for våre medarbeidere. Mio BPA er en del av Mio-konsernet som er 100 prosent norskeid.

Vi jobber alltid ut ifra disse verdiene:

• Respektfull: Vi er åpne og møter andre med vennlighet og forståelse. Alle vi møter skal føle seg sett, anerkjent for den de er og verdifulle.

• Pålitelig: Vi er til å stole på og holder det vi lover. Vi opptrer på en måte som gir tillit og trygghet.

• Modig: Vi utgjør en forskjell for hvert enkelt menneske vi møter. Vi gir mennesker et bedre liv og frihet til å leve slik de vil.

Webside https://miogruppen.teamtailor.com
Bransje Transport og lager
Yrke Tog-, sporvogn- og vegtrafikk
Sted STORD (Adresse: Postnr: 5416)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7ffe03c7-e99c-42d0-b273-5fd6ba41a870
IMPORTAPI