Leirskulelærar – vikariat – Sør-Fron kommune

Education Videregående skole

(19 hours ago)

  • SØR-FRON
  •  Post Date: 26. November 2024
  •  Expire date: 16. December 2024
Job Description

Published 26-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Leirskulelærar – vikariat

Gudbrandsdal leirskule har ledig eit vikariat i 60 % frå 19. februar 2025 og ut skuleåret, med moglegheit for forlenging.
 
Leirskulen ligg ved Peer Gynt vegen, mellom Skeikampen og Gålå, i Sør-Fron kommune. Leirskulen har eit variert aktivitetstilbod i eit lett og “snilt” høgfjellsterreng, sjå www.fagerhoi.no.
 
Utanom leirskulesesongen, i alle ferieperiodar, fungerer staden som fjellstove.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av leirskuleelevar.
  • Ansvar for å tilretteleggje og leie aktivitetar knytt til friluftsliv på fjellet.
  • Leirskulen tilbyr ulike aktivitetar som klatring, sykling, padling og turar i fjellet i vår- og haustsesong.
  • I vintersesongen er det ski- og snøaktivitetar som er i fokus.

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærar eller anna relevant pedagogisk utdanning, og relevant yrkeserfaring.
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding, men skal ikkje følgje med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar, inkludert gode samarbeidsevner og fleksibilitet, vil bli tillagt stor vekt. Det er viktig å ha interesse for, og kunnskap om, friluftsliv.

Vi tilbyr

Leirskulesesongen går over 18-22 veker, og leirskulelæraren har ei komprimert arbeidstid i desse vekene.

Det er totalt igjen sju leirskoleuker fordelt på vinter, uke 9-13, og vår, uke 22-23, i inneværende skoleår. Resten av skuleåret nyttast til avspasering.

Leirskulen kan tilby hybel til leige.

Kontaktinformasjon

Eivind Lund, Kommunalsjef Oppvekst, 90793155, eivind.lund@sor-fron.kommune.no

Arbeidssted

Fagerhøy
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 4889481455
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 19.02.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sør-Fron kommune orgnr: 973702637
Kort om arbeidsgiver

Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.

Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg.Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar.  I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.

I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren. 

Velkome åt Sør-Fron!

Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.

Webside http://www.sor-fron.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted SØR-FRON (Adresse: Fagerhøy Postnr: 2647)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 19-02-2025
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b0a534d-2d6e-4e4f-aa95-6266ccd7c496
IMPORTAPI