Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Leiing med samspel og resultat i fokus

Voss herad styrkar den førebyggjande innsatsen retta mot barn og familiar. Fagfolk som yt hjelpetiltak direkte inn mot barn og familiar relatert til samspel og/eller åtferd skal no samlast. Dette med sikte på meir presise tiltak, betre utnytting av fagkompetanse og betre koordinering av tenester. Det overordna målet er å gje samkøyrte tenester utan brot i oppfølging. Innbyggjarar og tenester skal kunne ta kontakt direkte etter ein “ei dør inn-modell”. Om du som innbygjarar eller tilsett tek kontakt med oss så ønskjer me å halda tak i deg til me veit sikkert at du har fått rett tilbod om hjelp, anten av oss eller andre.  

Eininga vil omfatta psykologtenester, PMTO-terapeutar, familieterapeutar og rettleiarar, miljøarbeidarar, EM-tiltak m.v. Totalt omlag 25 personar. Desse er pr i dag plassert rundt om i ulike tenester i Barne og familietenestene.

Etablering av tenesta skjer gjennom 2025, men me ønskjer allereie no ein person som har evne til å samla, organisera og motivera. Du vil få ei sentral rolle i å forma tenesta i lag med kompetente og dyktige medarbeidarar. Det er eit ønskje at du har kompetanse innan rettleiing slik at du i noko grad og sjølv kan vera ein del av dei operative tenestane.

Du jobbar tett i lag med leiar for Barne og familietenestene og vil inngå i ei leiargruppe i lag med leiar for PPT, Helsestasjon og skulehelseteneste, Integrering og Barnevern.

* endeleg namn på tenesta er endå ikkje avklart.

Ansvar for 

  • personaloppfølging
  • økonomioppfølging
  • sikra tverrfagleg samarbeid og samhandling
  • å organisera arbeidet internt og eksternt
  • å gjera tilboda kjent 

Eigenskapar:

  • lyttande
  • analytisk
  • omsorgsfull
  • målbevisst og resultatorientert
  • evne til å jobbe strukturert og planmessig
  • god samarbeidsevne

Kompetanse

  • minimum 3 årig høgare utdanning innan helse og sosialfag eller tilsvarande (t.d. pedagog)
  • ønskjeleg med utdanning og erfaring innan rettleiing
  • god økonomiforståing
  • erfaring med  kompetanseleiing
  • erfaring med tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Me tilbyr

  • eit godt, aktivt og tverrfagleg fagmiljø basert på samarbeid
  • utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • arbeid i eit sterkt tverrfagleg fagfellesskap
  • kontor i nye flotte lokaler, saman med fleire andre hjelpetenester
  • mogelegheit for å vera med å forma tenestetilbodet til barn og familiar i Voss herad
  • medlemsskap i offentleg pensjons- og forsikringsordning
  • løn etter kommunalt avtaleverk

Anna

  • førarkort, klasse B, då reiseverksemd må påreknast
  • hugs å gje opp minst to referansar

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast til: Voss herad, boks 145, 5701 Voss, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnert. 

Me ønskjer bredde og mangfald velkommen, så om du er høg eller låg, skjeiv eller bein, kvit eller svart, mann eller kvinne så ser me gjerne at du søkjer så sant du har rett kompetanse og høg motivasjon for stillinga. (Kombinasjon av førenemde er heller inga hindring).

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Barne- og familietenestene orgnr: 974593823
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted VOSS (Adresse: Voss tinghus Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8d492601-d0ef-4f0b-9a36-3ade6891cd32
IMPORTAPI