Job Description

Published 12-03-2025
Deadline: 11-04-2025

Leiar til skipatruljen i Myrkdalen

Leiar for skipatruljen – Myrkdalen Fjellheiser

Er du ein trygg og ansvarleg leiar som trivst med utfordringar i ein aktiv og dynamisk arbeidsdag? Ønskjer du å spele ei nøkkelrolle i å sikre tryggleiken for både gjester og tilsette i Vestlandets største skianlegg? Då kan du vere den vi søkjer!

Myrkdalen er ein populær fjelldestinasjon som tiltrekkjer seg eit breitt spekter av gjester gjennom heile året. Som leiar for skipatruljen vil du få eit variert og spennande ansvar, frå å sikre tryggleik på anlegget til å leie patruljen gjennom akutte situasjonar. Du vil organisere opplæring, sørge for at patruljen er godt utstyrt, og ta raske avgjerder i møte med uforutsette hendingar som skader eller dårleg vêr.

Sjølv om stillinga inneber nokre bestemte ansvarsområde, vil det vere stor fleksibilitet til å forme rollen etter dine kompetansar og interesser. Vi søkjer ein leiar som er klar for å ta ansvar, men som òg ønskjer å utvikle seg og bidra til å forme framtidas skipatrulje.

Ansvarsområde og oppgåver

  • Dagleg drift og koordinering: Planleggje og organisere patruljeaktivitetane, inkludert tilsetjing, bemanning og rutinar.
  • HMS og sikkerheit. Leiande rolle i HMS og sikkerheitsarbeid til Myrkdalen Fjellheisar
  • Tryggleiksovervaking og rapportering: Ansvar for å overvake og vurdere tryggleiken på heile anlegget. Dokumentere hendingar, skader og gjennomførte tiltak.
  • Akuttberedskap, førstehjelp og krisehandtering: Leie førstehjelpsarbeid og nødprosessar ved skader eller ulykker. Handtere evakueringar eller andre krisesituasjonar.
  • Opplæring: Ansvar for opplæring og utvikling av patruljemedlemmar og andre ansatte i tryggleik, førstehjelp og beredskap.
  • Innkjøp og vedlikehald av utstyr: Sørge for at skipatruljens utstyr (førstehjelpsutstyr, skredutstyr, kommunikasjonsverktøy) er i god stand og tilgjengeleg.

Kompetansekrav til stillinga

  • Førstehjelp: Førstehjelpssertifikat (HLS, hjerte-lungeredning) er eit krav, og erfaring med medisinsk nødhjelp er ein fordel.
  • Skiferdigheiter: Gode skiferdigheiter og erfaring med å handtere ulike forhold på ski (inkludert krevjande terreng og forhold).
  • Redning/Evakuering og Krisehandtering: Kompetanse på krisehandtering, heisevakuering og snøskred.
  • Leiarerfaring: Erfaring med å leie team, motivere medarbeidarar, og gjennomføre opplæring.
  • Språk: Flytande i eit skandinavisk språk.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og ansvarleg leiar som evnar å ta raske avgjerder under press.
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og kan handtere uforutsette utfordringar på ein konstruktiv måte.
  • Du er ein god lagspelar som evnar å motivere og støtte ditt team.

Vi tilbyr
Ein spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Noregs leiande reiselivsbedrifter, der vi legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway’s best er vi opptatt av mangfald og inkludering, og dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølv og blir sett og respektert for den dei er.
Fleksibilitet til å bygge rolla rundt eigen kompetanse og interesser.

Nokon av våre goder

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best sine produkt og aktivitetar

Arbeidsstad: Myrkdalen
Oppstart: Etter avtale

Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo.
Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet.

I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Norway`s best orgnr: 926715461
Kort om arbeidsgiver
Webside https://www.norwaysbest.com/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted VOSSESTRAND (Adresse: Postnr: 5713)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 11-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b6a7dc5-d898-4426-ac98-e9052dd91b24
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31