Leiar for prosjekt og utbygging – Austevoll kommune

Industri og produksjon Arbeidsleder (industri)

(4 days ago)

  • STOREBØ
  •  Post Date: 11. March 2025
  •  Expire date: 2. April 2025
Job Description

Published 11-03-2025
Deadline: 02-04-2025

Leiar for prosjekt og utbygging

Om arbeidsstaden

Samfunnsutvikling er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår plan- og byggesak, overordna miljø- og planarbeid, folkehelse, drift og vedlikehald, beredskap, brann og redning, næring og landbruk, infrastruktur og utbyggingsprosjekt.

Om stillinga

Austevoll kommune er ein kommune i vekst, og kommunen har mange spennande utbygging- og utviklingsprosjekt. Vi ønsker å styrke arbeidet vårt med prosjektstyring og prosjektleiing, og søker etter ein motivert og kompetent leiar for prosjekt og utbygging. Som leiar for prosjekt og utbygging vil du ha ei nøkkelrolle knytt til utvikling og leiing av kommunen sine byggeprosjekt frå idéfase til ferdige prosjekt. I tillegg vil du vere ansvarleg for å utvikle overordna system og struktur knytt til prosjektstyring.

Stillinga ligg i stab og rapporterer til kommunalsjef samfunnsutvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Prosjektutvikling, prosjektleiing, og ivareta kvalitet, økonomi, framdrift og FDV-dokumentasjon.
  • Planlegge og prosjektere nybygg, anlegg samt vedlikehalds- og oppgraderingstiltak på kommunal bygg- og anleggsmasse.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføre tilbodsprosess i samsvar med lov om offentlege anskaffelser.
  • Følge opp utføring og leverandørar som byggherre, oppfølging av innleigde rådgivvarar og konsulentar.
  • Ta i vare kommunen sitt krav som byggherre i samsvar med byggherreforskrifta.
  • Internkontroll og SHA-arbeid i prosjekta.
  • Utarbeide system og rutinar som sikrar god prosjektstyring i alle fasar.
  • Identifisere videre behov innafor eininga og bidra til planlegging av framtidige tiltak.
  • Saksbehandling og rapportering innanfor eige arbeids- og ansvarsområde.
  • Leie og gjennomføre kommunale prosjekt frå vedtak til ferdigstilling, inkludert økonomi og rapportering

Kvalifikasjonar

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå entreprenør- eller byggherresida med prosjektutvikling, porteføljestyring, prosjektleiing og byggjeleiing av større byggjeprosjekt
  • God kompetanse på byggherreforskrifta 
  • God kunnskap om offentlege anskaffelser og anbodsprosessar.
  • Ønskeleg med kunnskap om digital infrastruktur
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskeleg, men ikkje eit krav

Vidare må du ha

  • god vurderingsevne
  • evne til initiativ og planlegge arbeidet
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • stor arbeidskapasitet
  • god økonomisk forståing
  • førarkort kl. B

Søkar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søker deg som er strukturert, resultatorientert og ikkje minst har ein god gjennomføringsevne. I tillegg må du ha gode samarbeidsevner og vere ein god relasjon- og nettverksbygger. 

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka “Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Du kan ikkje sende søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Administrasjonskontoret til kommunen held til på kommunehuset på Storebø, cirka fem minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.  

Kommunen har eit folketal på om lag 5.400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Industri og produksjon
Yrke Arbeidsleder, industri
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/91d74ddb-327b-4cd4-bb49-1516c6da3dcc
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277089

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31