Leiar for Karriere Vestland – Opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune
Industri og produksjon Arbeidsleder (industri)(18 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Leiar for Karriere Vestland
Direktør for opplæring og kompetanse ser etter ein tydeleg, dyktig og motivert leiar med eit sterkt ønske og engasjement for å vidareutvikle Karriere Vestland til det beste for innbyggarane i Vestland.
Karriere Vestland gir tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing for vaksne og til nykomne flyktningar som kvalifiserer til introduksjonsprogram i kommunane i Vestland. Oppgåvene er forankra i opplæringslova og i integreringslova.
Karriere Vestland er eit kompetansesenter for karriererettleiing og har samarbeid med mange ulike interne og eksterne aktørar. Karriererettleiarane har i dag kontorstad i 6 kommunar: Alver, Bergen, Sogndal, Stad, Stord og Sunnfjord. Rettleiinga skjer både fysisk og digitalt.
Kontorstad for leiarstillinga er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe aktivt for at opplærings- og kompetansesektoren når sine strategiske mål der karriererettleiing er eit verkemiddel.
- Fag- og personalansvar
- Økonomi- og budsjettansvar
- Vidareutvikle karriererettleiingstenestene, knytt til mål og krav i fullføringsreform, ny opplæringslov, integreringslov og regionale strategiar
- Delta i nettverk og på samhandlingsarenaer på lokalt og nasjonalt nivå
- Samhandle internt i fylkeskommunen med vekt på rettleiingstenestene og med kommunar i heile fylket
- Hovudkontakt om karriererettleiing mot Nav og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- Oppfølging av samarbeidsavtale om karriererettleiing med Nav
- Deltaking i og koordinering av ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå frå universitet/høgskule
- Leiarerfaring
- God kjennskap til opplæringssektoren og arbeidslivet i Vestland
- God systemforståing av karriererettleiingsfeltet og kopling mot arbeid og utdanning
- Leiarutdanning kan vere ein føremon
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing
- Evne til å stimulere til eit produktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Evne til å utvikle gode samarbeidsrelasjonar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter med evne til å inspirere og skape tillit
- Evne til å ta initiativ og samarbeide med andre fagmiljø, internt og eksternt
- Sjølvstendig og løysingsorientert
- Evne til å gjennomføre endringar
Vi tilbyr
- Spennande faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Kontaktinformasjon
Odd Bjarne Berdal, områdeleiar, 99233975, odd.bjarne.hammersvik.berdal@vlfk.no
Tor Ivar Sandvik, seksjonsleiar, 98692471, tor.ivar.sandvik@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4897761442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
DIVERSE INFO