Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 22-04-2025

 

Legevikarar sommaren 2025

50-100 % stilling som legevikar for sommaren 2025.

Stilling innan verksemd for legetenester og akutt helseberedskap innanfor arbeidsområda legevakt, ØHD-avdeling og/eller offentlege legetenester (tilsynslege sjukeheim/ helsestasjon).

Fortløpande tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

Kombinasjon av arbeidsoppgåver innanfor dei ulike områda kan evt. tilpassast noko ut i frå interesseområde og/eller relevant arbeidserfaring. Kombinasjonar vil bli drøfta med den enkelte kandidat.

Arbeidsoppgåver legevakt:

  • Akutt helsehjelp og øvrig tilhøyrande legevaktsarbeid.

Arbeidsoppgåver ØHD:

  • Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved sjukehus.
  • Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
  • Deltaking i beredskapsvaktordning knytta til døgndrift ved ØHD-avdelinga.

Arbeidsoppgåver sjukeheim:

  • Tilsynslege ved sjukeheim med klinisk legearbeid i avdeling.

Arbeidsoppgåver helsestasjon:

  • Tilsynslege ved helsestasjon med tilhøyrande arbeid.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.  
  • God kunnskap om norsk lovverk.  
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • God på på kommunikasjon og samarbeid.  
  • Evne til å jobbe i team.   
  • Personleg eignaheit for stillinga vektleggast.

Personlege eigenskapar

  • Personleg skikka for stillinga.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Engasjert og fleksibel.
  • God arbeidskapasitet og trivsel med høgt arbeidstempo.
  • Lojal mot arbeidsplass og kollegaer

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer.
  • Godt opplæringsløp og introduksjon tilpasset rolle og arbeidsoppgåver.
  • Bakvakt som kan kontaktast ved behov.
  • Spanande, varierende og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • God turnusordning mtp. vaktarbeid, og ved behov tilpassa veiledningstid. 
  • Fagutvikling via vekesmøter, internundervisning og kursing.

    Kontaktinformasjon

    Anne Sofie Valgermo, verksemdsleiar, 902 00 066, anne.sofie.valgermo@alesund.kommune.no
    Linn Jenny Husøy Morsund, Avdelingsleiar, 414 46 306, linn.jenny.husoy.morsund@alesund.kommune.no

    Arbeidsstad

    Postboks 1521
    6025 Ålesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ålesund kommune

    Referansenr.: 4894654572
    Stillingsprosent: 100%
    Sommarjobb
    Søknadsfrist: 22.04.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

    Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

    Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

    Webside http://www.alesund.kommune.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Lege
    Sted ÅLESUND (Adresse: Postboks 1521 Postnr: 6025)
    Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 3
    Sektor
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 22-04-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c50a193b-6f21-4c90-bd7b-7aa5dca4369c
    IMPORTAPI