Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Legetenesta i Nav Vestland har ledig stilling

Ønsker du som lege å medverke til at menneske med helseplager kan fortsette i arbeid og utdanning? Kan du tenke deg å jobbe for betre samhandling mellom helsetenesta, arbeidsgjevarar og Nav? Vil du bli med å utvikle legetenesta i Nav Vestland saman med kjekke kollegaer? Då er det deg vi ser etter!

Vi søker etter ein lege i 40% – 60% stilling for tilsetting som rådgivande overlege i Nav. Du blir tilsett med kontorplass på Nav Årstad. Saman med kollega (rådgivande overlege) vil du få ansvar for å levere tenester til ein av regionane i Vestland. Ein del av arbeidstida vil gå føre seg ute i Nav-kontor så du må rekne med noko reising, og noko møteverksemd vil gå føre seg på digitale plattformar. Det er mogleg med heimekontor einskilde dagar. Då region Sunhordland står utan rådgivande overlege frå februar 2025, kan det og være aktuelt å tilsette med kontorstad knytt til denne regionen.
 
Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgivande legetenesta har ei viktig rolle i å fremje dette perspektivet. Dette gir spennande utfordringar innafor Nav sine visjonar og mål. Vi ønsker å bidra til inkludering i arbeidslivet og ønsker derfor å komme tidleg inn i saker for å finne  moglegheiter trass sjukdom. Andre viktige oppgåver er intern kompetanseoverføring til rettleiarar, og samarbeid med helsetenesta med vekt på informasjon og opplæring. I arbeidet med kompetanseoverføring internt og eksternt samarbeider vi med andre faggrupper (psykologar, pedagogar) om å gje fagstøtte til Nav-kontora. Vi legg spesiell vekt på god samhandling med fastlegane. Målet er å fremje forståing for trygdemedisin og vårt felles samfunnsansvar.  
 
Den rådgivande legetenesta skal støtte verksemda sin strategi; Nav bidreg til sosial og økonomisk tryggleik, og fremjar overgang til arbeid og aktivitet. Saman finn vi løysingar med dei som treng det mest. Du bør identifisere deg med desse måla og visjonen, samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stades og løysingsorientert. 

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og rådgiving til rettleiarar og andre medarbeidarar i Nav
  • Kompetanseoverføring og opplæring for Nav-kollegaer
  • Samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen (fastlegane og spesialisthelsetenesta) 
  • Opplæring innan trygdemedisin og fagfeltet arbeid og helse i ulike fagmiljø
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege (Cand.med.) utan avgrensing
  • Relevant klinisk erfaring, gjerne frå allmennmedisin
  • Spesialistgodkjenning innan relevant spesialitet (t.d allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri). Lege i spesialisering vil også bli vurdert.
  • God digital kompetanse, og erfaring frå ulike elektroniske samhandlings- og saksbehandlingsløysingar
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring med rettleiing og opplæring
  • Førarkort klasse B

Vi ser etter deg som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
  • har gode evner til å arbeide sjølvstendig, men òg i tverrfaglege team
  • er god på formidling og har gode pedagogiske evner
  • har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheiter og kunnskap
  • er engasjert i Nav sitt samfunnsoppdrag

Vi tilbyr

  • Vilkår etter særavtale for legar i Arbeids- og velferdsetaten, inkludert arbeidstid på 36 timer pr. veke i full stilling
  • Spennande faglege utfordringar og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Engasjerte kollegaer i eit trygdemedisinsk miljø lokalt og nasjonalt
  • God fagleg opplæring og rettleiing i rolla som rådgivande overlege
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, inkludert trening i arbeidstida
  • Tilrettelegging for klinisk arbeid i kombinasjon med stillinga i NAV
  • Tilsetting i stillingskode 0207 Overlege (kode 0771 lege hvis ikkje ferdig spesialist) med lønn frå kr. 900 000 til kr. 1 050 000 per år (i 100 % stilling). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleiar, 408 27 552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4891297949
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Møllendalsveien 8 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d1415ca8-9f8e-47bc-8508-8f3a15d2d6c8
IMPORTAPI