Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Lege i spesialisering onkologi og hematologi – faste stillingar

Ønskjer du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du får utfordre og utvikle deg både sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer?

Kreftavdelinga ved Helse Førde søkjer etter lege som vil spesialisere seg innan hematologi, og lege som vil spesialisere seg innan onkologi.

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftbehandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, og består av sengepost og poliklinikk.
Avdelinga har pasientar innan fagområda; onkologi, hematologi og palliasjon

Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi og onkologi gruppe 2-teneste. Ved fullstendige utdanningsforløp har vi avtale internt og eksternt for både gruppe 1- og gruppe 2-teneste. 

LIS-legar går inn i 5-delt vaktordning, (helg kl. 09:00 – 14:00) saman med overlege innan hematologi eller onkologi

Oppstart snarast eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved sengepost og etter kvart poliklinikk tilpassa kompetanse
  • Behandling og oppfølging av pasientar innan onkologi og hematologi
  • Deltaking i internundervisning for avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar til fast stilling må ha gjennomført LIS1-teneste
  • Søkjar som ventar på LIS1-teneste, eller ønskjer praksis på sjukehus, kan vere aktuell, men då for vikariat
  • Relevant og klinisk yrkeserfaring vert vektlagt
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonevne

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse innan fagfeltet
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Kommuniserar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Evne til å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande, utfordrande jobb, i eit travelt og utviklande fagleg miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons og forsikringsordningar 
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Monika Staberg Sunde, Konstituert avdelingssjef kreftavdelinga, 959 49 287

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4882921939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kreftavdelinga, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b74cafdd-ecca-49fe-ae67-7fe4f6c20cf5
IMPORTAPI