Lege i spesialisering og/eller vikariat som cand.med – Gastro – Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Gastrokirurgi, Helse Bergen
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(21 hours ago)
Job Description
Published 09-01-2025
Deadline: 24-01-2025
Lege i spesialisering og/eller vikariat som cand.med – Gastro
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Gastrokirurgisk avdeling, har ledig faste stillingar som LIS 2 i gastrokirurgi. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Oppstart etter avtale.
Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar, kan Cand.med. også søke og bli vurdert for vikariat i 12 månader. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
Gastrokirurgisk avdeling har regionsfunksjon for øsofagus- og ventrikkelcancer, sentralisert funksjon for pancreas- og leverkirurgi. Innan Cololorectal profilområde er det eit spesifikt fokus på rektumcancer, avansert coloncancer og inflammatoriske tarmsjukdommar, i tillegg bekkenbunnsincufficiens med særskild vekt på proktologi. Avdelinga deltar også i den mulitidisiplinære behandlinga av pasientar i sarkomgruppa.
ØH-pasientane blir også behandla i Mottaksklinikken og gastrokirurgiske legar har ei viktig rolle der. Legar i spesialisering deltar i rotasjon med tilstadesvakt. Det er for tida seks vaktsjikt for kirurgisk klinikk; LIS 1, samt fem sjikt for fagspesifikk lege i spesialisering. Gastrokirurgisk avdeling har for tida to vaktlag; eit med erfarne LIS 3 (minst 4 års erfaring) og eit vaktlag med LIS 2 (mindre enn 4 års erfaring). Vi søker etter LIS som blir plassert i vaktlag etter kompetanse. For tida fungerer LIS 3 óg som leiar for traumeteamet, og LIS 2 som undersøkande kirurg. Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter for Helseregion Vest og har nasjonalt brannskadesenter. Tenesta som teamleiar gir tellande teneste for kompetanseområdet traumekirurgi. Haukeland universitetssjukehus tar imot om lag 540 multitraumepasientar årleg, der om lag 30% er livstruande skadd (ISS > 15).
I arbeidet som LIS inngår vakt, visitt, administrative legeoppgåver, poliklinikk og operasjonar. Undervising og forsking er viktige oppgåver i avdelinga. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.
Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.
Det er 5 avdelingar i Kirurgisk klinikk:
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for karkirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologi
I tillegg Traumesenteret med oppgåver lagt til Haukeland universitetssjukehus som regionalt traumesenter for Vestland og Rogaland.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i den til eikvar tid gjeldande vaktordning
- Ein viser for øvrig til utdanningsplan
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i gastrokirurg
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Kan prioriterenår situasjonen krev det
- Har respekt for den enkelte pasient og kollega
- Har gode kommunikasjonseevner
- Er løysingsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
- Må trivast i eit aktivt miljø med høgt volum av pasientar
- Har eit sterkt ønskje vedvarande utvikling, både personleg og for avdelinga
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/god operasjonsteknisk praksis
- Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Geisner, Avdelingssjef, 95217532
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4904536539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Gastrokirurgi, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-01-2025 |