Lege i spesialisering (LIS3) eller lege – BUP Haugesund sjukehus
Health and social care Doctor(3 days ago)
Job Description
Published 08-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Lege i spesialisering (LIS3) eller lege
Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.
Vi har ledig to faste LIS3-stillingar med ønskje om snarleg tiltreding. Er du LIS1 og ventar på plass, oppfordrar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3 stillinga må ha gjennomført LIS1.
I vårt legemiljø på BUP vil du finne eit trygt og støttande arbeidsmiljø. Vi er for tida åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1. I tillegg bidreg ein overlege på pensjonistavtale med sin kompetanse.
BUP Haugesund tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!
Vi legg stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
- Delta i vaktordning for legar
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
Kvalifikasjonar
- Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon
- Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- er kreativ, nytenkjande og fleksibel
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
- Arbeid i tverrfaglege team
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
- Løn etter gjeldande overeinskomst
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850
Margrethe Reigstad Aase, Psykologspesialist, 52732850
Marit Elisabeth Ness, Psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Arbeidsstad
Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4894005723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | BUP Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Vinjes gate 10 Postnr: 5522) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |