Lege i spesialisering (LIS) i radiologi – Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Doctor(3 days ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Lege i spesialisering (LIS) i radiologi
Velkomen som ny lege i spesialisering ved radiologisk avdeling, Molde sjukehus og SNR!
Som røntgenlege hos oss vil du ha ei sentral rolle i mange pasientforløp, både innan diagnostikk og behandling. Radiologi som fagområde veks raskt, og vi er på veg inn i ei ny tid der teknologi opnar for uante moglegheiter! Våren 2025 flyttar vi inn i eit heilt nytt og spanande bygg, med topp moderne maskinpark og fylkets første 3 Tesla MR. Vi har også ny CT-maskin, ultralyd, fleire nye røntgenlaboratorium, mammolab og ny intervensjonslab.
Som LIS i radiologi vil du få opplæring i sentrale diagnostiske metodar med røntgen, CT, ultralyd og MR. Vi utfører også mange intervensjonar, både med diagnostisk og terapeutisk målsetting, og moglegheitene innanfor dette området aukar stadig. Vi har i tillegg forskingskompetanse i seksjonen og klinikken.
Om du ventar på LIS1-stilling, kan radiologi også vere noko for deg: Vi tilbyr god opplæring i ultralyd, som er nyttig kompetanse også dersom du seinare vel å prøve deg innan andre medisinske felt.
Vi har 8 LIS-stillingar og 12 overlegestillingar med engasjerte, dyktige og kunnskapsrike overleger. Nokre av overlegane våre er også aktive forskarar.
Snart ferdig med LIS1? Ventar på LIS1-stilling? Eller er du på veg mot ferdig utdanna lege? Ta gjerne kontakt for ein prat eller eit besøk hos oss (eller kanskje til og med i det nye SNR-bygget)!
Molde og Romsdal er kjent som eit fantastisk utgangspunkt for deg som er interessert i natur, ski og fjell. Molde byr også på teater, jazzlinje (VGS) og eit levande musikkmiljø, inkludert Moldejazz og eit fotballag i Norgestoppen. Flyplassen ligg knapt 10 km frå sentrum, på vegen til det nye sjukehuset.
For legar som buset seg i Gjemnes, Hustadvika, Sunndal eller Rauma – alle innan pendleavstand til det nye sjukehuset på Hjelset – har regjeringa foreslått ei ny ordning for sletting av utdanningsgjeld. Les meir her!
Arbeidsoppgåver
- Du inngår i ei 8-delt vaktordning med tilstadevakt heile døgnet, med overlege som bakvakt (heimevakt om natta).
- På dagtid roterer du mellom ulike fagområder som røntgen, CT, ultralyd, gjennomlysning og MR, samt lesedagar.
- Fast internundervisning kvar veke.
- Ved oppstart får du tildelt ein rettleiar, og vi har ein opplæringsplan for nytilsette før ein begynner med nattevakt.
- Vi har avtale med St. Olavs hospital for komplettering av spesialistutdanninga (gruppe 1-teneste), men dette kan også gjennomførast ved andre universitetssjukehus.
Kvalifikasjonar
- Gyldig norsk autorisasjon som lege.
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS1) eller turnusteneste etter gammal ordning.
- Vi vurderer også legar utan godkjent del 1 – ta ein prat med oss!
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (eventuelt dansk eller svensk).
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar som passar til stillinga, vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Rekrutteringstillegg.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
- Tilgang til gode oppslagsverk og nettressursar som avdelinga abonnerar på.
Kontaktinformasjon
Martin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395, Martin.Grotnes@helse-mr.no
Arbeidssted
Bjørnstjerne Bjørnsons veg
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4897305386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | MOLDE (Adresse: Bjørnstjerne Bjørnsons veg Postnr: 6412) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |