Job Description

Published 22-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Lege i spesialisering, infeksjonsjukdommar

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering i infeksjonssjukdommar (eller annan indremedisinsk spesialistet) frå mars 2025 eller etter avtale. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Seksjon for infeksjonssjukdommar diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike infeksjonar. Seksjonen har to sengepostar med til saman 24 senger, inkludert ei overvakingseining. Seksjonen driv også ein ortopedisk infeksjonspost med 14 sengar i samarbeid med Ortopedisk avdeling. I poliklinikken utgjer oppfølging og behandling av kroniske virussjukdommar som HIV og viral hepatitt ein vesentleg del. Seksjonen har dessutan ei omfattande tilsyns- og rådgivingsverksemd. Nasjonal Kompetansetjeneste for tropiske infeksjonssjukdommar er fagleg og organisatorisk underlagd infeksjonsseksjonen. Saman med Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, har seksjonen ei stor forskingsverksemd, særskild innanfor alvorlege bakterielle infeksjonar, antimikrobiell resistens, tropesjukdommar og virale luftvegsinfeksjonar. Seksjon for infeksjonssjukdommar har i alt 10 årsverk for overlegar med hovudstilling på sjukhuset og fleire universitetstilsette i bistilling, samt 9 stillingar for legar i spesialisering.

Medisinsk klinikk har i tillegg til infeksjonssjukdommar einingar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, nyresjukdommar og endokrinologi, til saman 68 senger. Avdelinga driv i tillegg stor poliklinikk samt ei eining for endoskopisk undersøking. Behandling av pasientar ber preg av øyeblikkeleg hjelp med stort press på sengene medan elektiv verksemd i hovudsak går føre seg på dageining, poliklinikk og på eining for endoskopisk undersøking.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i Medisinsk klinikk sine ulike aktivitetar
  • Deltaking i forvaktsordning ved Medisinsk klinikk
  • Deltaking i Medisinsk klinikk og Infeksjonsseksjonen si undervisning for legar i utdanningsstillingar, for andre faggrupper og for legestudentar
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 3-stilling i infeksjonssjukdommar
  • Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Infeksjonsmedisinsk og indremedisinsk erfaring blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin og infeksjonssjukdommar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til arbeid med pasientar, ikkje minst dei som treng øyeblikkeleg hjelp
  • Vedkommande bør vere godt motivert, fleksibel, ha gode samarbeidsevner, inkludert evne til å arbeide i tverrfaglege team

Vi tilbyr

  • Stimulerande arbeidsmiljø i ei aktiv seksjon i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
  • Gode tilhøve for deltaking i forsking
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trond Bruun, Seksjonsoverlege, trond.bruun@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4899099785
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk/ Seksjon for infeksjonssjukdommar, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/859a652f-3ff9-41bf-bacb-b09845294a4b
IMPORTAPI