Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Lege i spesialisering indremedisin, nyremedisin og lungesykdommer

Har du lyst til å jobbe på Norges nyaste og triveligaste indremedisinske seksjon?

Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med spesielt fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø. I april flyttar vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, 15min aust for Molde sentrum. Vi slår då saman fagmiljøa frå sjukehusa i Kristiansund og Molde. Medisinske legar vil bestå av ca 60 legar, samt 19 LIS1, og vi har spesialistar i samtlige indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i indremedisin, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi vil i løpet av 2025 opprette ei indremedisinsk senge-eining kor vi samlar pasientar med samansette indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar. 

LIS3 blir prioritert til opplæring og utdanning. Etter endt introduksjonsperiode vert du fulgt opp vidare av rettleiar, med tid til rettleiing avsett i plan x 2/mnd, og med halvårlege vurderingskollegium. Du får god opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og i ultralyd for indremedisinarar, og du får ein kollegafadder som kan støtte deg litt ekstra i starten. I løpet av 2025 vil vi opprette eit sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar, og samtlige LIS hos oss vil få moglegheit til å bli sertifisert i løpet av første år som LIS. Ein har gode moglegheiter for å delta på kurs og konferanser. Hos oss er alle på laget like viktige, og du skal få gode moglegheiter for fagleg utvikling til beste for pasientane våre. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø. No får vi nye og flotte lokaler også. Vi har kaffe i koppen, is i fryseren, fredagsbingo, felles lunsjer og åpen-dør kultur.

Vi har to vaktsjikt for LIS, LIS3-juniorsjikt (15-delt) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjonskrava for LIS3-seniorsjiktet er totalvurdering i vurderingskollegium, 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er tilstade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilstade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikke må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.

Vi treng no å få ein ny LIS3 med på laget. Om du er interessert i indremedisin, nyremedisin eller lungesjukdommar, så er vi interessert i deg!

Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad da!

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i gjeldende vaktordning
  • Arbeid som LIS3 ved både sengepostar, korttidspost og poliklinikk
  • Rettleiing og supervisjon av LIS1
  • Du vil få mykje ansvar, men innafor trygge rammer
  • God og systematisk opplæring i vaktrelatert arbeid, samt i ultralyd for indremedisinarar
  • Med bakgrunn i eigne interesser tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling
Delta i gjeldande vaktordning
Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer
Du vil få god opplæring i akuttprosedyrar
Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk
Du vil få mogleghiet til å veilede og supervisere LIS1
Med bakgrunn i egne interessefelt tilrettelegger vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling. Det er gode moglegheiter for 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanningen, eller turnustjeneste etter gammel ordning.
  • Mestre norsk språk – skriftleg og muntleg.
  • Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du jobbar godt aleine og i team
  • Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er svolten på ny kunnskap og erfaring

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar i ei avdeling som verdset både fagleg spisskompetanse, men også generalist kompetanse
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ein glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar og spesialist i fordøyelsessjukdommar
Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
Ein inkluderande arbeidsplass
Lønn etter gjeldande overenskomst
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ida Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleder (lege), 92433378, Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no

Arbeidsstad

Molde sjukehus
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4934415334
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974745569
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted MOLDE (Adresse: Molde sjukehus Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/25a708ad-04bb-4143-9c09-0faeccec2999
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31