Job Description

Published 12-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller cand.med

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling. Les meir om oss her.

Avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Gode moglegheiter for overlegestilling etter fullført spesialisering. Vi har ledig faste stillingar og vikariat i 6 månader med mogleg forlenging. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar til LIS 2/3 vikariat kan også cand.med søke og bli vurdert for desse.

For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i rus- og avhengigheitsmedisin. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

For vikariat gjeld følgande: Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga i mellom anna psykiatri eller allmennspesialiseringa. Vi har moglegheit for fleksibilitet i forhold til oppstart og varigheit. Stillinga passar godt som del i allmennspesialiseringsløpet. Ta gjerne kontakt for meir info. Vikariata er ledig frå snarast og til 01.03.2025 med mogleg forlenging. 

Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
  • Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønsker deg som kan arbeide sjølvstendig, men som søker råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Du bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Rekruteringstillegg 
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Arbeidstid hovudsakleg 08.00-16.00

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Therese Marlén Svendsen, Leiar, 97873779, therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Pia Synnøve Kloster, utdanningsansvarleg overlege, 41015858

Arbeidsstad

Østre Murallmenningen 7
5013 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4884577732
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for rusmedisin / AFR LIS Leger, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Østre Murallmenningen 7 Postnr: 5013)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bb82dd80-5033-4ac3-a681-c2957e5277ab
IMPORTAPI