Job Description

Published 03-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Lege i spesialisering i onkologi

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 29 LIS-legar og rundt 43 overlegar.

Vi har no ledige faste stillingar og vikariat (6 og 12 måneders varigheit) frå mars 2025 som lege i spesialisering i onkologi. Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan. 

For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon) og tilbod om teneste ved palliativ sengepost for lindrande behandling. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Tiltreding i stillingane fortløpande. Opplys i søknaden om du ønsker å starte før mars 2025 og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
  • Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner
  • Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing av erfarne legar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
  • Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi
  • Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning
  • Tilbod om 3 månaders teneste ved Palliativ sengepost

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Martin Pilskog, Ass. sesksjonsleiar lege, 41760139

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4863748934
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 22.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-03-2025
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f9157e48-e831-4f24-92d6-a64ecbb0adfe
IMPORTAPI