Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering – Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Doctor(2 days ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei “snill vaktordning”? Då må du
søke denne stillinga!
Vi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart etter avtale. Vikariatet er på eit år med moglegheit for fast tilsetting.
Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og fremoverlent gruppe som bidrar til fagutvikling og til utdanning av nye spesialister. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid
- Poliklinisk arbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
- LIS har vakt for tiden kvar 6. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 – 21.00, og
i helg frå 09.00 – 14.00. Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og
påske.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring med både sengepost og poliklinisk arbeid
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte team
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Tett samarbeide med andre faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Sosiale aktiviteter med blant anna felles treningsgruppe som har treninger ein gang i veka på
sommaren. Felles fjellturer i våre fine omgivelser er også ein populær aktivitet - Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Hanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no
Gro Westnes Lindin, Ass. seksjonsleiar, +47 70105730, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4895730441
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |