Lege i spesialisering Barnesjukdommar – LIS3 – Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Doctor(1 day ago)
Job Description
Published 29-10-2024
Deadline: 13-11-2024
Lege i spesialisering Barnesjukdommar – LIS3
Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering innan barnesjukdommar ved Barne- og ungdomsavdelinga, Ålesund. Andre vikariatstillingar kan bli ledige ved intern ansettelse.
Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn eller har lyst til å auke kompetansen i barne- og ungdomsmedisin? Nå har du moglegheit til bli kjent med barnemedisinen i trygge omgivelser i vår flotte avdeling!
Vi har høgt fokus på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. LIS deltar på kurs etter plan og får også delta på nasjonale møter i barnemedisin. Vi er ei avdeling med mykje aktiv forsking og legg til rette for forsking ved sida av klinikk. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker – 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.
I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 9 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt.
Du er velkomen som søkjar!
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
- Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
- Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fokus på god spesialistutdanning
- Deltaking på utdanningskurs etter plan og deltaking på kurs arrangert av Barnelegeforeningen
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Christine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), +47 70 16 76 45
Arbeidssted
Åsehaugen 1
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4871620445
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 1 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |