Lege i spesialisering anestesiologi – Anestesileger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Doctor(2 days ago)
Job Description
Published 19-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Lege i spesialisering anestesiologi
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal(SNR) er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Delta i den kliniske drifta
- Delta i avdelinga si vaktordning
- Bidra med fagutvikling og opplæring av studentar og samarbeidande personell
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Må ha gjennomført LIS1
- Må har gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Engasjert
- Fleksibel
- Har gode samarbeidsevner
- Finner løysingar på problemer åleine eller i fellesskap med andre
- Sjølvstendig på det som vert forventa på ditt nivå
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Per Johan Lans, Seksjonsleiar lege, Per.Johan.Lans@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4883479871
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Anestesileger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |