Lege i spesialisering 2/3 – oftalmologi  – Augeavdeling, Helse Førde

Health and social care Doctor

(15 hours ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 27. November 2024
  •  Expire date: 6. January 2025
Job Description

Published 27-11-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Lege i spesialisering 2/3 – oftalmologi 

Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus har ledig eit seks månaders vikariat for Lege i spesialisering frå 10.03.2025. Moglegheit for forlenging/fast stilling.

Vi søkjer LIS 2/3 med interesse for og eventuelt erfaring i oftalmologi. Avdelinga har ledige stilling pga ein LIS går over i overlegestilling og ein skal ha teneste på Universitetsjukehus. 

Augeavdelinga har 8 legestillingar, derav 4 LIS, optikar, og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø. 

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
  • Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
  • I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
  • Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer søkjar med erfaring i oftalmologi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad 

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning
frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og
kompetanse

Kontaktinformasjon

Odd Arne Standal, Avdelingssjef, 578 31 699

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4890215443
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Augeavdeling, Helse Førde orgnr: 974744570
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2c5735ae-7ca7-428f-bd13-fa667c3bf512
IMPORTAPI