Job Description

Published 17-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar i det nye tenesteområdet Helse- og omsorg

Vi har fylgjande ledige stillingar:

· 80% fast stilling som personleg assistent / heimehjelp (frå 1.1.25), for tida i Heimetenesta

· 80% fast stilling som autorisert sjukepleiar (frå dd), for tida i heimesjukepleia på dag / kveld og helg

· 100% fast stilling som helsefagarbeidar (frå dd), for tida i heimesjukepleia på dag / kveld og helg

· 66% fast stilling som sjukepleier (frå dd), for tida ved Vågåheimen på natt

· 50% fast stilling som helsefagarbeidar (frå dd), for tida ved Vågåheimen på natt

· 55% svangerskapsvikariat som helsefagarbeidar på Vågåheimen frå 1. desember 2024 og til hausten 2025 med moglegheit for forlenging

Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.

Felles for stillingane:

Arbeid kvar 3. helg, der langvaktar på helg kan vera aktuelt. Tilsette arbeidar da 4. kvar helg. Tilsette må pårekna å arbeide både ved institusjon Vågåheimen og i Heimetenesta.

Arbeidsoppgåver:

· Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar og helsefagarbeidar på institusjon og i heimesjukepleia

· Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp

· Samarbeid med pårørande og andre

· Ansvarsvakt for sjukepleiarar

Kvalifikasjonar

· Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev som helsefagarbeidar

· Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt

· Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

· God fagleg innsikt og tryggheit

· Førarkort klasse B

Eigenskapane dine:

· Fagleg engasjert

· Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig

· Kreativ og endringsorientert/-viljug

· Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner

· Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet

· Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

· Fleksibel og lojal

· Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

· Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

· Arbeid i tverrfagleg team

· Kompetanseheving og fagleg utvikling

· Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.

Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 01.10.2024

Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:

For Vågåheimen; tenesteleiar Marianne Herlofsen Stadeløkken, tlf. 97029735.

For Heimetenesta; tenesteleiar Kitt-Heidi Telebond, tlf. 90185854.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren orgnr: 975304442
Kort om arbeidsgiver

Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/585c1736-c060-4387-ac15-5377880df516
Stillingsregistrering