Ledige stillingar – Lærdal kommune Sogn LMS og helse

Health and social care Nurse

(17 hours ago)

  • LÆRDAL
  •  Post Date: 18. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Ledige stillingar

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Me kan nemna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Lærdal kommune har ledig to 100% faste stillingar som Sjukepleiar/Paramedic/Vernepleiar ved Sogn lokalmedisinske senter. Begge stillingane er i tredelt turnus med dag, kveld og nattevakter i virkedagar, og med langvakter på helge-  og høgtidsdagar.  Dette gjev oss høve til å tilby arbeid kvar fjerde helg og 33,6 timers arbeidsveker for våre tilsette.  

Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for å besvara legevaktstelefon (116117), samt legevaktformidling til samarbeidande legevaktslegar i kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).

Me har legevakt og tek imot pasientar frå kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal) på kveld, natt, helg og høgtidsdagar.

Krav til utdanning:

  • Krav til 3-årig relevant bachelorutdanning med norsk autorisasjon
  • Tilleggskrav til kurs i akuttmedisin, handtering av trugsmål, vald og overgrep. Arbeidsgivar tilbyr og dekkjer desse kursa
  • Gode språkkunnskapar innanfor norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • God formidlingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar 

Personlege eigenskapar vert vektlagde

Arbeidsoppgåver:

  • Operere legevaktstelefon (116117) for kommunane i Sogn
  • Mottak og triagering av pasientar
  • Ta vitale målingar av pasientar, eventuelt EKG
  • Starte intravenøs behandling i påvente av innlegging eller vidare transport
  • Kortare observasjon av pasientar
  • Assistere vakthavande lege ved sying, sårstell, gipsing  med meir
  • Rettleia og gje råd til  pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
  • Nytte nasjonale verkty som Norsk medisinsk index i kartlegging og triagering av pasientar  

Arbeidstid:

Turnusarbeid 

Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.

Me kan tilby:

  • Rekrutteringstilskot kr 60.000 som eingongsutbetaling og bindingstid i 2 år.
  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Kurs og opplæring i tråd med nasjonale krav til legevakt og legevaktsentral
  • Ønsketurnus i form av årsarbeidsplan, med mogelegheit for tilrettelegging for pendling eller andre høve
  • Overnattingstilbod for tilsette som bur i andre kommunar

Lærdal kan by på:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit vel av friluftsmoglegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots med meir
  • Eit rikt kulturliv med mange små og store arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakafisk-VM, motbakke- og terrengløp med meir

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Sogn LMS og helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c895c035-6781-431f-b347-af0af56421f7
IMPORTAPI