Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 22-04-2025

Ledig vikariat og engasjement innan forureining

Om stillinga

Statsforvaltaren i Vestland har ledig eit vikariat og eit engasjement som sakshandsamar for arbeid med regulering av miljøpåverknader frå ulike typar næringsaktivitet. Begge stillingane har varigheit på eitt år. Stillingane er plasserte i forureiningsseksjonen i miljøavdelinga, med kontorstad i Bergen eller på Leikanger. 

Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg miljø. Du får og bli kjent med ulike næringsaktørar, konsulentselskap, andre statlege etatar og kommunal forvaltning som du har dialog med og rettleiar innanfor dine saksområde. 

Vi skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi er forureiningsstyresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova. 

Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 42 tilsette i to seksjonar; naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen.  

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for vikariatet innan industri

  • Handsame søknader om utslepp frå industri 
  • Oppgåver knytt til aktivitetar som mudre, dumpe og utfyllingssaker og mellombels anleggsaktivitet
  • Bidra i oppfølginga av Renere Havn-prosjekta i regi av Miljødirektoratet
  • Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
  • Handsame klager på kommunale vedtak og forureining
  • Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
  • Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar

Arbeidsoppgåver for engasjementet innan akvakultur

  • Miljøoppfølging av akvakulturbransjen 
  • Handsame søknader om utslepp frå akvakultur regulert av forureiningslova
  • Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
  • Handsame klager på vedtak og forureining
  • Varetaking av akvakultur i plansaker
  • Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
  • Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar

Vi har eit breitt arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast noko reiseverksemd rundt i fylket. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning innan toksikologi, forureiningsbiologi, marinbiologi, naturforvalting eller akvakultur eller tilsvarande.
  • God kunnskap om miljøpåverknader ved utslepp til det ytre miljøet
  • Det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
  • Initiativrik og har gode samarbeidsevner 
  • Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan miljø- og naturforvalting
  • Har godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) 

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.

Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. 

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1087 overingeniør frå kr 570 000–680 000 og 1364 seniorrådgjevar/1181 senioringeniør frå kr 600 000–730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597
Kort om arbeidsgiver

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Webside https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a46b0078-7a3e-4687-9ef1-b9057bf03432
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277629

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31