Open job positionTonstad skule – Sirdal kommune Enhet skule
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(20 hours ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 10-01-2025
Ledig stillingTonstad skule
Har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – våre barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god sule som “opnar dører mot verda og framtida” og bidreg til at elevane skal “meistra liva sine”. Kan og ønsker du å bidra, så søk på jobb hos oss!
Det er ledig midlertidig/vikariat inntil 200% som fagarbeidar/assistent ved Tonstad skule frå 15.01.25 til 31.07.25
Tonstad skule har om lag 195 elevar, og er ein kombinert skule med 1.-10.trinn og SFO-tilbod. Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i et profesjonsfellesskap, og er oppteken av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er viktig hos oss og utfordrar både tilsette og elevar til vidare utvikling. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og gjer at skulen har god vaksentettleik.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret, med kort veg til idrettshall, idretts- og fotballbananar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved eleva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitet. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen, og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dett enoko for deg, så kom til oss!
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand sentrum og hytte nær sjøen, ved Svennevig. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett får arbeidsoppgåver både i skule og SFO.
* Bidra til å utvikla eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
* Aktivt og sjøvstendig arbeid med enkeltelever som har utfordringar, i samarbeid med andre tilsette.
* Delta i planleggings- og utviklingsarbeid
* Gjennomføra det daglege arbeidet i SFO, leggja til rette for leik og organisert aktivitet
* Inspeksjon i friminutta
* Leggja til rette for leksehjelp
* Ha god kontakt med, og gje informasjon til dei føresette
lista er ikkje uttømande
Ønska kvalifikasjonar:
* Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
* Anna relevant kompetanse og praksis vil og bli vurdert.
* Må meistra både munnleg og skriftleg norsk
* Den som blir tilsett må levera godkjend politiattest
* Det blir forventa at du har evne og vilje til å halda deg fagleg oppdatert på teoriar knytta til atferd og pedagogisk praksis
Personlege eigenskapar
* Likar å arbeide med barn
* Oppteken av å byggja gode relasjonar
* Vera ein tydeleg, trygg og stabil leiar, og god rollemodell
* Fleksibel
* Gode samarbeidsevner
* Sjølvstendig
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Anna:
Opningstid i SFO man-fre: 06.45 – 16.00
Onsdag er heildags-SFO, då elevar i 1.-4.klasse ikkje har skule på onsdagar.
SFO har ope ut juni månad.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Me ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO