Job Description

Published 01-10-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Ledig stilling som vikar for lærar ved Sand skule

Det er ledig 60 % vikariat for lærar på ungdomstrinnet frå og med 01.12 .2024 til og med 31.07.2025

Sand skule har om lag 300 elevar fordelt på 14 klassar frå 1.-10. trinn.

Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.

Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket

Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.

 Arbeidsoppgåver

  • Me søkjer etter lærarar med kompetanse innan tysk, kroppsøving og fysisk aktivitet.
  • Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.

 Personlege eigenskapar

  • vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
  • vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
  • vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling.
  • har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Sand skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SAND (Adresse: Rygjatunvegen 2 Postnr: 4230)
Stillingstype Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd1b9e77-4b08-4c35-836d-675000bbe0b2
IMPORTAPI