Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 03-01-2025

 

Ledig stilling som driftsleiar på kyrkjegardane

I dei fire sokna på Bømlo er det ledig 100% stilling som driftsleiar frå 1.5.2025 eller etter avtale.

Bømlo kyrkjelege fellesråd har ansvaret for gravplassane i Bømlo kommune. Gravplassane er i tillegg til å vera grav- og sørgjestadar viktige parkområder for kommunens innbyggjarar. Det er eit mål å stelle gravplassane slik at det blir ein kjær stad å komma til. Til dette treng me dyktige arbeidarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Driftsleiar for arbeidsteamet på kyrkjegardane inkl. utvida team på sommarstid

  • Praktisk tilrettelegging med opning og lukking av grav og urnegrav

  • Tilrettelegging for seremoniar i kyrkjene

  • Generell kyrkjegardsdrift og skjøtsel av grøntanlegg

  • Stell av graver med stellavtalar

  • Noko arbeid med gravstøtter

  • Deltaking i vidareutvikling av gravplassverksemda på Bømlo

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som anleggsgartnar eller tilsvarande, relevant erfaring frå grøntanlegg eller maskinbruk kan kompensere for manglande utdanning

  • Kompetansebevis for gravemaskin er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)

  • Førarkort klasse BE er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)

  • Tilfredsstillande dataferdigheiter

Eigenskapar:

  • Praktisk anlagt og liker å jobbe ute

  • Initiativrik, sjølvstendig og fleksibel

  • Gode samarbeidsevner og god arbeidsmoral

  • Fysisk utholdande

Me tilbyr:

  • Tarifflønn og god pensjons- og forsikringsordningar

  • Bedriftshelseteneste

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegar

  • Noko fleksibilitet knytt til arbeidstid

  • Mogelegheita til å vera med å forma eiga stilling

  • Personleg utvikling og kompetanseheving

  • Variert arbeidskvardag

Anna

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kyrkjegardsdrifta på Bømlo ynskjer å vera nytenkjande og me er i ei omorganiseringsfase som gjer at me i tida som ligg føre vil utvide med fleire robotklypparar på kyrkjegardane på Bømlo.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bømlo Kyrkjelege fellesråd orgnr: 989751603
Kort om arbeidsgiver

Bømlo kyrkjelege fellesråd har ca. 11 årsverk. Største deler er tilsette knytt til den kyrkjeleg verksemda som kyrkjelydspedagogar, kantorar, diakon og andre tilsette i små kyrkjelege stillingar. Bømlo kyrkjeleg fellesråd er gravplassmynde i Bømlo kommune og har ansvaret for alle gravplassane i kommunen. Dette utgjer 10 gravplassar.

Webside https://bomlo.kyrkja.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 03-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2e7b0fc1-ea42-4dc7-881d-b4f8fbccff2b
Stillingsregistrering