Job Description

Published 14-04-2025
Deadline: 01-05-2025

Ledig stilling som assistent/helesfagarbeidar/vernepleiar ved eining for funksjonshemma

Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stilling ledig:
Assistent/helsefagarbeidar/vernepleiar 2 x fast helgestillingar med oppstart snarast
Den eine stillinga er på 21,40 % med arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg,
den andre stillinga er på 22,73 % med arbeid kvar 4.helg, begge i turnus 35 t/v.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

• Norsk autorisasjon som vernepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar, assistentar er også velkommene til å søkje

• Anna relevant utdanning/vidareutdanning ift menneske med utviklingshemming

• Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming

• Ynskje om kompetanse i dataprogrammet PROFIL

• Førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

• Evne til målretta og sjølvstendig arbeid

• Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre

• Engasjert, løysingsorientert og fleksibel

• God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

• Målretta miljøarbeid

• Yte bistand til kvar einskild ut i frå behov og vedtak

Vi tilbyr

Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming. Lundenjordet stod ferdig i 1993. Bygget består av 11 bustader, 1 avlastningsbustad og eit fellesareal.

Lundenjordet ligg midt i Kviteseid med utsikt ned mot Sundkilen og i gangavstand til sentrum.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kviteseid Kommune Lundenjordet orgnr: 976825780
Kort om arbeidsgiver

Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18 — 90 år. Det består av 13 faste bustadar og ein avlastningsbustad fordelt på 4 bygg. Avlastningsbustaden er til born i alderen 3 — 18 år. Vi har vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar tilsett hjå oss. Lundenjordet ligg midt i smørauget av Kviteseid og har ein fantastisk utsikt til vakre Sundkilen. Det er gåavstand til butikkar, brygga, arbeidsplass og dagsenter for mange av bebuarane

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 01-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0e0def98-f672-4146-a0d0-612195d9998c
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31